Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Anne Bye: Eg et før eg kjem

Dette er den fyrste diktsamlinga til Kari Anne Bye. Vi møter Ho. Ho er kring 35 år og er arbeidsledig. Ho er høgt utdanna innanfor historie og liker teater. Ho bur på det som verkar som Bakklandet i Trondheim. Ho er singel. Og på Tinder.

Dikta handlar om det evige jaget vi menneske har etter spenning, kjærleik og nærleik. Eller korleis mange (over 50 millionar verda over) leitar og sveipar seg fram i kaoset, einsemda og lengselen gjennom skjermposeringar og emojiar i «the game of love».

Bye har skrive ein uhøgtideleg fulltreffar som også nyttar humor som verkemiddel. Ho har ein skarp, fargerik og direkte penn som tek datingfenomenet på kornet. Boka får meg til å le, og samstundes blir eg sår. Forfattaren portretterer kjærleiken både som vakker og vond.

Dikta er leikande og djupe om søket etter kjærleik i vår tid. Eg liker ideen, språket, karakterane og handlinga i boka. Eg undrast; finn eller mister ein seg sjølv og kjærleiken gjennom teknologien? Korleis blir det eigentleg med kjærleiken til Ho til slutt? Og blir det berre kaffi på stamkafeen, eller er det rom for noko meir?

Enten ein vel eit einskilt dikt, utdrag eller heile samlinga, er desse dikta fine å bruke i undervisninga. Mange kan kjenne seg att i motiva for kjærleik i ei tid der ein får inntrykk av at appar kan løyse det meste. Dikta innbyr til refleksjon, samtale og vidare utforsking. Kanskje får ein nye innspel til livsmeistring, feminisme og forståing av kjærleik og samfunn i vår eiga samtid?

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker