Svein Jarle Åbrekk: Granittgutta – Dronemysteriet

Illustrasjonar: Trond Kulterud

Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen, den minst actionfylte gata i heile Kramsvik, seiest det. Dei to har vore venner alltid, er nesten naboar, og elskar å spele data. Mellom husa til Frank og Kristoffer bur gamle fru Syvertsen, og ein dag blir ho fråstolen noko verdifullt. Dei to gutane har lagt merke til fleire uvanlege ting i gata, og startar å nøste i dei lause trådane. Kven kan stå bak tjuveriet, og kvifor?

Dronemysteriet er ei spenningsbok særleg for alderen 11–14, lett i språket, med høg puls og mange intrikate leietrådar. Dette er Åbrekk si første bok, utgitt på eige forlag. Boka treffer midt i blinken for målgruppa. Her er nøyaktige gamingskildringar og dronespesifikasjonar, i tillegg til mellommenneskeleg varme, eit stødig vennskap og rettferdssans. Forfattaren leikar seg med ordtak, som både blir forståtte og misoppfatta, historiske hendingar, årstal og andre verkemiddel som gjev forteljinga kjøt på beinet. Rett nok er nokre av gamingreferansane i øvre alderssjiktet for målgruppa, men på den måten vert ikkje forteljinga for barnsleg for lesarar første året på ungdomsskulen.

Ønskjer du ei bok heilt fri for intrigar og uvennskap, men med action og humor, er Dronemysteriet boka for deg.