Warsan Shire: Eg lærer mor mi å føde

Gjendikta av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen

Eg har munnen til mor mi og auga til far min: I ansiktet mitt er dei framleis saman.

Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (fødd 1988) tok verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde i 2011. I tillegg til å vere ein prisvinnande britisk poet, er ho redaktør, aktivist og lærar. Ho er fødd av somaliske foreldre i Kenya. Dikta hennar er omsette til ei rekke språk.

Eg lærer mor mi å føde er ei hyllest til familien si erfaring som flyktningar frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvinga til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe – heller ikkje her i Vesten.

Kroppen er eit viktig motiv i samlinga. Først og fremst kvinnekroppen, og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer Shire at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue.

Språket er vakkert, detalj- og bilderikt. Stemma og kjenslene er tydelege og rå.

Artisten Beyoncé let seg begeistre og siterer Shire fleire stader i albumet Lemonade frå 2016.

Utdrag frå boka: