Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Siri Helle: Med berre nevane – eit forsvar for praktisk arbeid

Kvifor skal vi arbeide praktisk når vi strengt tatt ikkje må? Fordi vi er skapte til det. Og det minner og motiverer Helle oss på i denne boka.

Bygging av ein utedo er motoren i handlinga. Forfattaren har arva ei straumlaus hytte etter bestefaren i heimefjella. Ho sagar ned sitkagran og grev stokkane som eit fundament ned i jorda. Vi får innblikk i Helle sin oppvekst knytt til familieindustri. Å vere skuleflink, men uroleg i kroppen. Opprørsk, kreativ og musikalsk, og med ei skarp tunge og ein ditto sylskarp penn. Om akademia og om å finne seg sjølv i ei agronomutdanning i vaksen alder.

Helle står ikkje fram med uendeleg kunnskap i det ho tek til med dette utedo-prosjektet. Boka syner korleis ho går praktisk og uredd til verks for å slipe reiskapen ho treng, på ein handverksskule på Dovre, korleis ho les seg opp i korleis ho skal kunne veve inn einebuskar i veggen, og korleis ho vil dekke veggen med spon, som ho grev ut av vedkubbane med ein kløyvekniv frå ein spesialbutikk i Rælingen.

Innimellom desse prosjekta får vi innblikk i kva Helle tykkjer om dei praktiske handverksfaga i eigen oppvekst og i dag. Ho er tydeleg på at den praktiske kunnskapen er noko vi alle bør få inn i hendene. Den bodskapen ligg tett opp til verdigrunnlaget i opplæringa gjennom Fagfornyinga. Vi har mykje å halde ved like; ein kropp, ei sjel, ein kulturarv.

Det er sjeldan eg les bøker som gjer at eg blir så engasjert som eg blei av Med berre nevane. Les ho! Er du på vegen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande. Er du forelder. Lærar. Skuleleiar. Politikar. Er du praktisk. Er du teoretisk. Er du ikkje sikker. Er du sløv. Er du vaken. Klør du i fingrane. Er du nummen i baken. Les ho! Bruk boka i undervisning, i argumentering for ein skule og eit samfunn for alle og for heile kroppen. Finn utdrag og bruk utdraga i norskfaget.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker