Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingenmannsland: nye nynorske noveller

Ingenmannsland er første utgåva av nye, årvisse novellesamlingar der åtte ulike forfattarar kjem med nyskrivne noveller. Slike samlingar er fine å ha i bokhylla på skolen. Desse novellene har god kvalitet, og nokre har tematikkar som eignar seg godt i eit vidaregåande klasserom.

Lars Petter Sveen har skrive novella «Ålen i glaset», og ho handlar om barndomsvennane Lars og Espen som møtest igjen etter fleire år. I ungdomsskoletida hamna dei i eit brutalt og ekstremt miljø, der slåsting overtok for fotball og skole. Ein dag tok gjengen bussen til Oslo for å kjempe mot ein annan gjeng, og Espen blei skadd for livet. Lars kjem seg på rett spor etter kvart, medan Espen meiner han er feig. «Å gi opp det du trur på, det du vil ofre livet for», er ikkje lett.

«Over fjell» av Sigrid Merethe Hanssen er ein framtidsdystopi, det kan vere i Noreg. Ein katastrofe har ført menneska på flukt, og vi møter Agin og Halia på ei forfallen hytte i fjellet. Dei skal vidare derifrå, men må tørke kleda og få seg litt mat. Næringskapslane dei har funne i sjukehusruinen, vil dei helst spare. Vasskjeldene er forureina, og fuglar og dyr er borte. Nå finst verken elektrisitet eller mobildekning. Dei hadde eit nybygd hus og vanlege jobbar –  «den gongen vi levde vanlege liv». Nå klamrar dei seg til trua på at det kan vere levelege tilhøve ein annan stad.

Gard er ein liten gut som ikkje vil sove, fordi han er redd for å bli eit monster. «Ein kan ikkje vite alt før det hender» er tittelen på novella av Ingrid Holvik, og det er dette Gard hevdar når dei vaksne vil trøyste han. Gard er overtydd om at det kjem til å hende, nå i natt: «Menneske som er monsterlarvar, blir til monster…Det har nesten hendt fleire gonger. Begynner med at halsen trekker seg saman». Og hendingane denne natta pregar både guten og mora.

Dette er ein kort presentasjon av tre av novellene som eg meiner kan høve å arbeide med i norskfaget. Det kan sjølvsagt dei andre fem også. Novellene er skrivne av etablerte forfattarar, men her er også rom for innsmett for dei som ikkje er fullt så etablerte. Vidar Kvalshaug, Marit O. Kaldhol, Lars Petter Sveen, Sigrid Merethe Hanssen, Rønnaug Kleiva, Ingvild Holvik, Hilde Myklebust, Solfrid Sivertsen og Ingrid Senje er representerte i denne antologien.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker