Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erlend Skjetne: Kleda er gjennomvåte

Sitatet «Når livet og dauden er to like dårlege løysingar, kva gjer ein då?» viser på mange måtar til det heilt sentrale i denne godt fortalde romanen. Ein dysfunksjonell familie møter vi ofte i litteraturen, og slik er det også her. Forteljaren er Daniel, og det han i hovudsak fortel om, er forholdet til faren sin, Øyvind Rønning, sjukepleiar og pinseven. Vi får også lese om dei andre i familien, stemora Alina frå Romania, søskena Isak og Ester og besteforeldra. Hendingane går føre seg på Melhus i Trøndelag, og det blir fortalt om ei årrekke i livet til denne familien.

Det er den vaksne og etablerte Daniel som fortel, han bur saman med Mathilde og dottera Frøydis. Vi får tilbakeblikk frå barndom og ungdom, og korleis det kjennest å vekse opp med ein far som er ihuga pinseven og som engasjerer seg i alt og alle, men altfor lite i sin eigen familie.

Daniel er alltid flau over faren sin. Han må vere med rundt på dørene og på møta i Betesda. Daniel liker seg i grunnen på møta, men han vil ikkje bli døypt eller snakke om sin eigen religiøsitet. Han er ein gut som skil seg ut ved å ha håplause, brukte klede, ein rar, heimeklipt frisyre og gamaldagse briller. Faren har aldri gitt han skikkelege gåver, men noko brukt eller noko skrot han har funne ein stad. Skolen blir eit pusterom, ein god stad å vere. Her får Daniel vere i fred. Han mislykkast med dei fleste aktivitetar, fotball, ski, svømming og fisking. Daniel er ein alvorleg gut: «Eg må streva for å smile, som så ofte før». Han fortel ikkje korleis han har det heime, han læst som om han og broren har det bra. Det er vanskeleg for han å kjenne på at han ikkje er elska.

Ikkje før han blir kjent med Stein, finn han ein hobby som passar, brigdespeling. Bridgespelinga blir ein fristad. Etter kvart blir han verkeleg god. Då reiser han saman med Stein på turneringar landet rundt, og blir tatt ut på juniorlandslaget. Gjennom brigde får han opplevingar i Kina og England, bli kjent med andre menneske som berre er opptatt av om han er ein god spelar. Kameraten Stein er alt det Daniel ikkje er; han drikk mykje, er sjarmerande og har dametekke.

Faren organiserer hjelpesendingar til Romania, og har ei rumensk kone, Alina. Dei har eit svært turbulent ekteskap, og Øyvind omtaler kona som drake, hespetre og trollkjerring. Som ung var han utanfor og på leiting etter noko. Eit svar fann han i pinserørsla. Han er overengasjert og trenger seg på overalt: «Ved å fokusere meir på det gloriøse livet som ventar heime hjå Jesus, enn det tarvelege livet ein lever no, er det utruleg kva motgang ein kan utstå». Det grenselause pågangsmotet hans gjer at han arbeider til han blir psykisk sjuk.

Øyvind Rønning trugar regelmessig med å ta livet av seg, og til sist gjer han det. Romanen skildrar eit bakteppe for korleis det kan ende slik. Han står fram som ein som brenner lyset sitt i begge endar. Han er for hjelpsam og forståingsfull overfor menneske som slit, samstundes for rastlaus og upåliteleg, for labil. Etter kvart blir han uføretrygda og medikamentavhengig. Ein dag kjem han ikkje heim. Då faren er død, tar Daniel vare på ein utstoppa piraya, som han meiner symboliserer faren.

Romanen har ein spennande komposisjon. Han er bygd opp av korte kapittel med eigne overskrifter. Nokre kapittel er utdrag frå pasientjournalar frå psykiatriske institusjonar, andre heiter Frå lovboka. Det blir ikkje fortalt kronologisk, men litt etter litt får vi innblikk i livshistorier og nedslag i hendingar tilbake i tid. Slik får vi ei forståing for korleis personane har det, og korleis dei samhandlar med kvarandre. Eit artig grep er tilvisingane til Tarjei Vesaas’ forfattarskap. Dette er ein mangfaldig og godt fortald roman som tar opp aktuelle problemstillingar.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker