Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Olla Rypdal: Klokkemakar Alfreds mysterium

Illustrert av Tarjei Rypdal Eide

Bakpå denne boka har forfattaren skrive at boka rettar seg mot 8–12-åringar, men at ho høver for alle generasjonar som set pris på ei god historie. Det er ei treffande skildring, for det er ei god historie, med røter attende til klokkemakaren til franske dronning Marie-Antoinette på 1700-talet. Den franske klokkemakaren laga ein gong to klokker som skulle høyre saman. Ved eit skjebnesamantreff kom klokkene attende til klokkemakaren etter at dronninga døydde, og dei vart verande i klokkemakarslekta sidan det. Lesaren får høyre denne historia gjennom ei forteljing i notid, om Tobias og Rosie, på vinterferiebesøk hos tante Lea. Dei vert kjende med klokkemakaren Alfred, som bur åleine på ein falleferdig gard i skogkanten. Han har vore på leiting etter dei to klokkene frå Frankrike heile livet, og no gjer Tobias og Rosie det dei kan for å hjelpe han å finne dei.

Illustrasjonane er stemningskulisser for forteljinga, utan at dei gjer alt overtydeleg. Det er eit fint grep for å gjere handlinga rundt Tobias og Rosie meir spennande. Boka eignar seg godt til å lese sjølv frå 4. trinn, men også som høgtlesingsbok.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12