Kristin Storrusten & Ingunn Hamran (red.): Det største i livet

Dette er ei diktsamling som kan gi innblikk og forståing i det å vere ein forelder, og relasjonen barn–foreldre.

Å finne ut at det ikkje lenger er berre eitt hjarte som bankar inne i kroppen til nokon, er ei forunderleg oppdaging vi menneske ikkje sluttar å la oss fascinere av. Det vekker mange kjensler. Kven er dette mennesket som kjem? Kva vil det gjere med livet som er? Mange uttaler å bere fram liv som det største i verda og som underfullt. Det kan vere den største gleda, men det kan også vere til dømes einsamt, rart, sjokkarta, utmattande, tungt og forvirrande. Eller det kan vere alt dette på ein gong.

Å få barn er likevel ein av dei mest vanlege tinga ein kan gjere, samstundes som det er noko av det meir uvanlege ein gjer i eit liv. Vi treng uttrykk for dei gongane livet er større enn oss sjølve. Gjennom tidene har diktarar gjeve ord til denne opplevinga. Vi treng ord til å skildre opplevinga og forstå at ein ikkje er aleine om å kjenne det slik. Vi treng at nokon set ord på det ordlause, felleskap i dei glade tankane og trøyst i dei vonde.

I Det største i livet finn du vakre, såre og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å bere på eit barn og tid med barn – frå Haldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild Nyquist med fleire.

Samlinga høver for læring og fordjuping kring å vere barn og foreldre. Ho kan nyttast særleg hjå unge vaksne innanfor tema som menneskeverdet og identitet.

Utdrag frå boka