Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martine Grande: Ørn

Undervisingsopplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.

Martine Grande er både forfattar og illustratør, og det viser att i denne svært gjennomarbeidde og vakre biletboka. Fargane, formene og teksten spelar på lag, og det er ikkje fleire ord på kvar side enn naudsynt. Fargesymbolikken er særleg med på å forsterke handlinga og kjenslene: Medan Sam er grøn og Gorm er blå, er undulaten Ørn og den nye jenta gule. Kanskje er det derfor Sam ikkje er redd for den nye jenta, at ho minner han om kor kjekt Ørn og han har det saman? Både illustrasjonane og teksten inviterer til samtale.

Handlinga er spennande og oppmuntrar små og store lesarar til å vere modige og forsvare dei som er åleine og redde. Kanskje ein også blir tøffare og tryggare på seg sjølv då?

Utdrag frå boka

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6