Kari Stai: Passe happy

Kari Stai har fanga essensen i det å vere heilt i starten på puberteten og prøve å finne ut av kven ein er, og kva plass ein har i samfunnet og livet. Passe happy handlar om Juri, som synest Sofi er så fin at han mistar pusten. Han er usikker på seg sjølv, og i alle fall heilt blank når det kjem til forelsking og kyssing, tenkjer han. Det er berre saman med venninna Evy at han kan vere seg sjølv. Dei går i same klasse dei også, men er nesten som søsken. Det er komen ein ny gut til klassen, Hugo, som har budd i New York og er kul og trygg, nett som Juri skulle ønskje at han var. Og midt opp i alle desse vennegreiene må Juri finne ut av korleis han skal takle at pappa har flytta ut heimanfrå. Juri likar best at alt er som det alltid har vore, men no er både han og alt anna i endring. Samstundes skjer det også fine ting i livet hans, og sjølv om ytterpunkta i kjenslene ligg langt frå kvarandre, ønskjer han stort sett berre å vere sånn passe happy.

Kari Stai portretterer Juri og dei andre på finurleg vis, og det gjer det enkelt for born og unge å kjenne seg att i situasjonane og kjenslene. Kanskje er det vanlegvis mest vekt på dei kroppslege endringane i puberteten? I denne boka er det kjenslene, tankane og det mellommenneskelege som får størst merksemd. Boka har mange humoristiske episodar og er langt frå alvorleg og trist, sjølv om ho er ærleg og oppriktig.

Boka passar svært godt for elevar på mellomsteget, for vaksne som arbeider med barn og ungdommar, og for foreldre.

Utdrag frå boka