Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Jonsson: Nærast er du når du er borte – Dikt i samling

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er Ordet.

Tor Jonsson (1916–1951) vaks opp på ein husmannsplass under prestegarden i Lom i Gudbrandsdalen. 13 år gammal vart han farlaus. Han bar på sorg og sinne, og opprørstrongen var kveikt i han.

Ei gåve gav du meg, grend av det gråe:
Viljen til strid,
striden for meg
og dei andre småe.

På skulen gjorde Tor det særs godt. Iblant vart han kalla «Vetl-Aukrusten», «Snorre» eller «Vinje-guten» av dei andre elevane. Jonsson skreiv innanfor mange sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Skrivinga til Jonsson er prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. Diktsamlinga inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørket, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg inneheld samlinga nokre av dikta Jonsson skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen, og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.

Jonsson har skrive seg inn i norsk litteraturhistorie som «fattigfolkets diktar framfor nokon» (Arthur Arntzen). Frå han har vi to av våre mest kjente kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte». Dette til trass for at han sjølv ytra i eit av sine siste dikt at «eg åtte ikkje kjærleik». Kjærleik, lengt og kvinner er tema i fleire av dikta i dette utvalet. I «Kvinna» og «Brotne voners bøn» forbannar han kvinner i krasse ordelag, før han endar med å velsigne dei, eller den eine, «ho eg har evig kjær».

Jonsson var pasifist, og hadde eit vanskeleg forhold til begge dei krigførande partane under andre verdskrigen. Krigen er lite til stades i diktinga hans, men «Død soldat», «Framtid» og «Ljos i mørkret» er tekne med i utvalet. Noko som pregar diktinga hans meir, er Gud, prestar og kristenfolket som han stridde med. «Skyer på Guds himmel», «Kvit synd», «Profeten» og «Frelsaren» er dikt som tek opp denne tematikken. I det siste heftet dreier diktinga seg meir om det grenseoverskridande, einsemd, sjølvhat, sorg og død. Tor Jonsson avsluttar livet sitt 34 år gammal.

Mi lengsle etter freden vart ein urobrann.
Først skar eg seljefløyte, sidan vandringsstav
og villa om i grenseland
i mellom fosterfred og fred i grav.

Håvard Rem omtaler at «fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. Samlinga hyser ein del høvesdikt som Jonsson prenta psevdonymt medan han var journalist og redaktør i dei fyrste etterkrigsåra. Dei avromantiserer biletet av den depressive sjølvmordaren som dikta for æva, og syner at Jonsson er like samansett som A.O. Vinje: Den alvorlege poeten er ein gjøglande bladmann òg».

Med forord av Rita Mundal i Tor Jonsson-laget.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker