Åshild Moldskred: Berre hopp!

Ingeborg har blitt uvenner med den tidlegare bestevenninna Pernille. No har Pernille slått seg saman med Marte som går i same klasse. Gjennom ord, handlingar og kroppsspråk ertar dei Ingeborg som bruker høyreapparat.

Forfattaren klarer å skildre korleis det å bli halden utanfor kjennest for ei 11 år gamal jente. I Berre hopp! blir lesaren dregen med inn i tankane og kjenslene til Ingeborg. Sjølvtillit er eit sentralt tema gjennom heile barneromanen. Storebroren til Ingeborg gjev henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Desse utfordringane er med på å skape spenning gjennom heile boka.

Sjølv om hovudpersonen Ingeborg møter mykje motstand, så inneheld også Berre hopp! fleire lyspunkt. Ingeborg har ein tett og trygg relasjon, spesielt til bestemora og storebroren. Det gjev ei viktig påminning til unge lesarar at sjølv om livet kan vere vanskeleg i periodar, så vil der alltid vere nokon som bryr seg om korleis dei har det.

Utdrag frå boka: