Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender

Lotte studerer musikk på eit konservatorium i Wien, ho øver mykje på flygelet i håp om å få vere solist på vårkonserten. Ein dag får ho sjå eit gammalt avisutklipp med ein ho kjenner, pianolæraren ho hadde i 12 år, Jákob Lakatos. Har er opphaveleg frå Ungarn. Lotte tenker tilbake på den tida og kvifor ho brått hadde slutta hos han og dradd til Wien.

Lotte blir ikkje vald ut til å vere solist og bestiller ein einvegs billett heim til pappa i Noreg. Ho fortel ingenting til Christoph, som ho har møtt nokre gonger og har eit uavklart forhold til. Heime tar ho opp kontakten med Jákob og bestemmer seg for å skrive ei oppgåve om han. Ho vil finne ut kvifor han drog frå Ungarn og seinare slutta å spele. Ein grunn er at Jákob gradvis har mista synet, men det er så mykje ho ikkje veit. Lotte ønsker å løfte fram kor fantastisk flink musikar han har vore, og bestemmer seg for å lage ein heiderskonsert for han i samband med femtiårsdagen. Ho minnest orda hans: «Du må ha ein visjon når du speler». Nå treng ho hjelp til å kome nærare si eiga speling, og ho trur han kan hjelpe ho igjen.

Lotte har synsvinkelen i det mest av romanen, men i nokre kapittel er det Jakob som fortel. Historia vekslar mellom nåtid og hendingar i fortida, og gradvis får vi avdekka bakgrunnen til Jákob. Vi får også vite meir om korleis forholdet mellom Lotte og Jákob var den tida han var læraren hennar, og ho var meir hos han enn heime hos pappa. Pappa hadde meir enn nok med sitt etter at mamma var død.

Lotte tar kontakt med ulike menneske som kjente Jákob tidlegare. Ho får mellom anna kontakt med eks-kona hans, Aurelia, som er bitter fordi Jákob berre drog. Så bestemmer ho seg for å dra til Ungarn og finne ut meir. Dit kjem også Christoph. Verken undersøkingane eller møtet med han blir særleg vellykka. Ho spør seg for, men får ikkje dei svara ho ønsker. Aurelia seier: «Trur du du veit noko om korleis det var?». Lotte lurer stadig på om det er best å avlyse heiderskonserten sidan det ser ut til at Jákob kanskje ikkje er så heiderleg som ho hadde trudd.

Lyden av to hender er Relling Bergs første roman for vaksne. Romanen er godt komponert, det er gode dialogar og gode skildringar av Lotte og Jákob. Relling Berg får godt fram både spenninga mellom dei og kor nære dei kan vere kvarandre. Romanen er gjennomsyra av musikk, speling, komponistar og musikkuttrykk, og det viser ei grunnstemning i boka: «Musikken er ein heim, kvar enn ein er i verda». Handlinga kan vere litt for føreseieleg, men dette er ei god bok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker