Dordi Strøm: Flog

Flog er ein fasinerande og god roman. Vi møter fem ulike personar i ulike stadium av liva sine, og vi får innblikk i relasjonane mellom dei. Dei blir presentert innleiingsvis, nærast som ei rolleliste, der t.d. Åsta er eit barn, ei ung mor, ei ung kvinne, ei enkje, ei farmor. Historia vekslar raskt mellom personane og ulike årstal, men det er likevel ikkje vanskeleg å følgje utviklinga.

Romanen har ein spennande komposisjon, der vi får innblikk i fem liv og nokre av dei same hendingane sett frå ulike synsvinklar. Dette er ikkje ei samanhengande forteljing, men mange  ulike trådar som likevel viser seg å henge saman med ein annan tråd. Hendingar og setningar blir gjentatt, det same gjer mange av overskriftene på bolkane. Desse overskriftene er enkeltord som pust, flog, vente og heim. Slik kjem det fram mange lag i romanen, og dette er elegant gjort.

Vi møter Åsta og Embret som er foreldre til Fred. Han giftar seg med og skil seg frå Liv, og dei har dottera Dagne. Alle desse personane har sine utfordringar, og forholdet mellom ektefellar og mellom foreldre og barn blir sett på prøve. Blod er ikkje alltid tjukkare enn vatn. Alle har ulike strategiar for å meistre liva sine, og dei strevar med å sjå og bli sett, godtaking og anerkjenning. Kjærleiken og forståinga har tronge kår, og einsemda er påtrengande.

Dagne bur saman med mamma i ei lita leilegheit i ei blokk. Dei har ikkje mykje å rutte med. Dagne skil seg ut fordi ho ikkje bur saman med far, har heimesydde klede og er einaste jenta med kort hår. Pappa er stort sett fråverande, men hentar ho av og til i bilen. Ho kjenner på at han alltid er misnøgd med ho, og at han ikkje snakkar med ho. Dagne er litt redd farmor, ho forstår ikkje kva ho vil. Ho er ei einsam jente som blir mobba på skolen, og trekker seg unna og gøymer seg i kottet der ho les om dyr og fuglar. Ho er også veldig opptatt av verdsrommet. Ho teiknar tre og fuglar, og dette er ei form for å omarbeide alle inntrykka. Ho drøymer om å kunne flyge.

Åsta giftar seg tidleg med Embret, som er mykje eldre enn ho. Ho får barn då ho er fjorten, og det er ei skremmande oppleving. Så blir ho husmor: «Ho som er valdtatt, gravid, gift, og som vart mor, står i vindauget og ser ut». Embret døyr tidleg, og ho har på ein måte venta på den dagen. Ho får seg jobb på ein kafé. Ho liker ikkje rot, og liker ikkje å vente. Ho stenger døra for sonen sin og seier ho har venta lenge nok.

Embret var ein utsett unge, farlaus, morlaus og ein gaukunge. Om Embret står det: «Han var ungkar og valdtok, han gifta seg og vart far». Han er gravemaskinkøyrar, grev hol og flyttar store steinar for folk, men mest av alt kan han teie. Fred liknar på han. Han har også valdtatt, og han går på same måten som faren. Heller ikkje han vil prate. Lidenskapen hans er fine bilar og godlukt av parfyme. Liv får vi mest inntrykk av indirekte gjennom Fred og Dagne.

Ein får ei forståing av at alle personane i romanen lever marginalt. Dei har lite pengar og lite mat. Dei kjenner på svolten, og har fantasiar om det gode familiemåltidet. Dagne og Liv lever på graut og hjortelever, Embret stel og slaktar ei ku og skyt kråker. Saman med dette høyrer skildringar av lukt.

Verkelege fuglar, teikna fuglar, frie fuglar, fanga fuglar og gaukungen – i romanen er fuglane både fysiske og symbolske. Draumen om å vere fri står i motsetnad til den utfordrande kvardagen: «Ein gjer det om ein blir halden fast, då baksar og slåst ein for å komme laus, det gjer alle». Ein annan motsetnad til fuglane er hol i jorda, som på same måten er både fysiske og biletlege, her kan ein grave ned og kvitte seg med alle dei vonde minna. Mange gonger er det tungt å få puste. Motsetnaden mellom lys og mørke bygger også opp under dei same kontrastane. Dette er ein roman å gå på oppdagarferd i.