Krista Lien Indrehus: Flør

Flør er den fyrste utgjevinga til Krista Lien Indrehus. Det er ei diktsamling som tek føre seg tematikken kring klima, tid og formødrer.

Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamle sine hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som skal leve vidare og det som skal ta slutt.

Dikta skildrar uroa med tanke på klima, økologi og liv. Eg-et i samlinga kjenner på ei frykt over forandringane, og forsøker å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne.

Diktsamlinga har ein forteljande, flytande men til tider rytmisk komposisjon av nærvær utan teiknsetjing og store bokstavar. Dei ulike dikta har ikkje tittel. Vi får innblikk i hendingar og tankar frå eigen oppvekst til no-tid. Dette gjev innsikt i dei tidlegare generasjonane sine liv og røynsler personleg, i samfunnet og som ein del av naturen. Med dette får vi ei forståing for korleis eg-et opplever og tolkar samhandlinga med og si tilhøyrsle til tid, syklusar, det som lever og det materielle. Det gjev undring, retning og håp til vegen vidare. Flør er ei aktuell bok som høver til arbeid med dikt i vidaregåande opplæring, men også tverrfagleg innanfor moment i verdigrunnlaget i opplæringa.