Bok på 1-2-3: Pølsetjuven

Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, kunst og handverk og samfunnsfag. Momenta identitet og kulturelt mangfald, kritisk tenking og etisk bevisstheit, skaparglede, engasjement og utforskartrong frå verdigrunnlaget i opplæringa er vektlagde.

Undervisingsopplegg (PDF)

Tid: 90 minutt

Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal er ei god historie i teikneserieform. Å lese og skrive teikneseriar er å arbeide med samansette tekstar. Illustrasjonane og den skriftlege teksten utfyller kvarandre.

Utstyr og førebuing

  • Kople opp pc med nett og prosjektør. Finne fram boka.
  • Utstyr til aktivitet: A4- eller A3-ark delt i tittel og fire ruter. Sjå mal.
  • Ein god blyant, fargestiftar og viskelêr til kvar elev. Kan bruke svart tusjpenn/tusj for å tusje over blyantstrekane til slutt.
  • Inspirasjon frå Øystein Runde: Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di

Les boka