Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ida Kinden Jonassen: Abnormium

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Athea og Gaute er kjærastar og har vore det i eit halvt år. Athea kan ikkje ha med nokon heim, fordi det er noko rart med mora, og ho må komme tidleg heim. Sebastian bur også i huset for å passe på. Kvar kveld må Athea låsast inne bak sju dører, fordi det er farar der ute ho må vernast mot. Dette forstår ikkje Athea noko av, det er jo ikkje ho som er problemet. Mora og Sebastian meiner ho må sendast bort, og mora køyrer ho til kostskolen Abnormium.

På Abnormium hender det uforklarlege ting. Folk kan forvandle seg og gjere underlege saker. Det er noko rart med alle som er der. Athea tenker berre på å kome seg bort, men her er ikkje noko slag dekning for å få kontakt med omverda. Rektor Karianna gjentek sitatet ho har høyrt før: «Norma blomstrar der abnormiteten har plass», og seier at alle som er der, har ei form for abnormitet. Det er nettopp derfor Athea treng å vere der, fordi ho trur ho er normal.

Ho kjenner seg ikkje trygg på rommet sitt, og ho får ikkje sove. Ho står opp og dusjar, men dagen etter ser ho at ho har dei gamle kleda på og det same feite håret. Ho får greie på at ho ikkje vil klare å komme seg bort derifrå, og kjenner seg fanga. Det er som om nokon følgjer med på alt ho gjer.

På skolen har dei dei same faga som på den vanlege skolen, men i tillegg eit fag som heiter verdiar og refleksjon. Her kjem abnormitetane til dei andre elevane fram, ei kan lage flammar og ein kan bli ein stein. Athea svarer på eit spørsmål, og svaret hennar får læraren til å seie at ho liknar på mora si. Kva tyder det? Har mora hennar vore her?

Mikkel og Athea blir vener, og han fortel om bakgrunnen sin. Han seier at alle elevane har uvanlege evner, eller kjem til å få det, og etter kvart reagerer ikkje Athea så sterkt på desse opplysningane. Men ho reagerer sterkt på den brutale og valdelege behandlinga nokre av dei andre elevane blir utsette for. Fleire elevar har forsvunne, og elevar blir sette opp mot kvarandre. Ingen veit kven ein kan stole på, verken medelevar eller vaksne. På skolen er det skumle og mørke stader der ein ikkje skal gå, det er noko marerittaktig over bygningen, over folka som er der, og alt som hender.

Ein dag får ho kopi av eit brev mora hennar har skrive i hennar namn til Gaute, og Athea forstår at det no er forbi. Ho trur seg til Mikkel, og dei to innvier Nora og Aksel, som dei bur saman med, i dei nye planane sine. Dei skal finne ut kva som verkeleg går føre seg på Abnormium, og kven som styrer alt. Kvifor er det så mange elevar som blir borte? Og kven er den daude guten ho stadig treffer? Athea oppdagar noko om si eiga fortid. Ho finn den gamle dagboka til mora, og forstår meir.

Jakta på sanning og samanhengar held fram, og det blir farlegare og meir risikabelt enn dei hadde trudd. Det skal vise seg at dei får god bruk for dei spesielle evnene sine i kampen mot å vere fanga.

Romanen er ein spennande fantasyroman og er første utgjevinga på det nystarta forlaget Kindex, som har som formål å gje ut bøker på både nynorsk og bokmål. I romanen Abnormium får du nynorskutgåve og bokmålsutgåve i eitt.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12