Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Blindsone

Som i dei tidlegare romanane sine Så lenge ingen ser oss og Nedteljing skriv Anders Totland om ein tematikk som er aktuell og angår mange ungdommar. Den nyaste romanen heiter Blindsone, og namnet refererer både til bilkøyring og til det å ikkje ville innsjå samanhengar eller sanningar. Eit sentralt spørsmål her blir kva slags person det er ein ønskjer å vere. Som dei tidlegare romanane er også denne lettlesen.

Sanne, 16 år, er eg-forteljaren. Ho er forelska i Henrik som er 18 år, og liker godt å suse rundt med han i bilen. I det romanen startar, prøver dei å setje ny rekord i å køyre fort, og det klarer dei. Sindre, broren til Sanne, er også med i den same gjengen. Men han har alltid unnskyldningar for kvifor han ikkje klarer å køyre like fort. Sanne meiner han ikkje har det i seg. Sindre er lærling på verkstaden til mamma, det er derfor han får vere med i gjengen. Dei har ein fast møtestad på ein rasteplass.

Henrik hentar Sanne om morgonen før skolen, og køyrer ho heim etterpå. Dei er saman heile tida, og har sex i bilen. Ein kveld vil han ikkje at dei skal treffast, han vil gå på russefest i staden. Sanne liker det ikkje, ho vil at det skal vere dei to. Ho har avlyst hengekøyetur med dei beste vennene sine, Anne og Isak. Sanne ventar på han etter skolen, men han blir irritert over det, og vi ikkje eingong køyre ho heim. Om kvelden sjekkar ho ulike profilar og finn gamle festbilde der Henrik er saman med Vibeke.

Ho tar bilnøklane til Sindre og tjuvlåner bilen. Ho køyrer fort. Sindre blir forbanna då ho kjem heim. Om natta kastar Henrik stein på vindauget, han er full og ho får han inn på rommet sitt utan at mamma merkar det, og ho får han ut før dei står opp. Han hentar ho seinare, men ho kjenner ho er skuffa og ikkje er like interessert.

Mamma og ho tar ein øvingskøyretur. Mamma har sjølvsagt høyrt Henrik om natta. Ho spør om Sanne vil arbeide litt på verkstaden om ettermiddagane, og det vil ho. Anne kjem innom og vil finne på noko, men i helga har Sanne planar med Henrik. Mamma er ikkje glad for at Sanne vel vekk dei gamle vennene sine, og ho er skeptisk til Henrik etter det ho har høyrt om han. Ho spør kva slags person Sanne har lyst til å vere.

Snart blir det spørsmål om å få gå på den berykta russefesten der yngre ungdommar slepp inn mot å gå igjennom ulike opptakskrav. Sanne har eigentleg ikkje så lyst, men ho vil vere saman med Henrik. Mamma let seg overtale då Sindre seier han skal vere sjåfør.

Vibeke har regi på festen, og seier dei må gjere som dei blir fortalt. Det første er å ha på seg eit trongt og utringa kostyme. Så må dei danse og shotte drinkar. Sanne får med seg at Henrik går ut. Då dei blir beden om å kysse to og to, kjenner Sanne at nå er det nok og at dette blir heilt feil. Ho går derifrå, men ho finn ikkje Henrik. Sindre vil stoppe ho frå å gå inn att, men ho går inn og ser Henrik som sit i ein stol med ei jente over seg. Sanne styrtar ut. Kva er det med han som lar slike ting skje?

Les intervju med Anders Totland på sida til Leser søker bok: Inspirert av verkelege hendingar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker