Bok på 1-2-3: Knokedunk

Tverrfagleg undervisingsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og kroppsøving. Verdigrunnlaget i opplæringa: Menneskeverdet, skaparglede, engasjement og utforskartrong. Respekt for naturen.

Tid: 90 minutt

Undervisingsopplegg (PDF)

Boka

Knokedunk av Åsmund H. Eikenes og Eivind Gulliksen er ei sakprosa- og biletbok for barn. Boka tek føre seg skilnader og likskapar mellom menneskehender og dyrehender. Ho er tematisk og pedagogisk lagt opp og møter nyfikne og undrande barn i barnehøgd.

Sjå på alle dei ulike dyrehendene! Vi menneske har hender med fem fingrar. Dyra har hender med skarpe klør, sugekoppar og seks fingrar. I Knokedunk blir du kjent med dyr som kan grave, klore, symje og fly. Klarar du å gjere det same med hendene dine?

Framlegg til song å danse til: Bumbo av Moondog.

Du som er lærar, kan finne inspirasjon frå dansar og skodespelar Martin Slaatto og filosofien hans om rørsle, kunst, leik, trening, dans og kunst, mellom anna her: https://www.nrk.no/osloogviken/han-vil-at-du-skal-danse-til-jobb-1.11933783

Tilleggsressurs

Marit og dyra, NRK Super