Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Og alle ting vert nye

Den årlege novellesamlinga med nye, nynorske noveller, Og alle ting vert nye, byr på ni ulike forteljingar. Dei er ulike i forteljestil og tematikk. Nokre hovudpersonar er barn, andre vaksne og nokre gamle folk. Nokre av novellene handlar om hendingar i ei nåtid, andre legg historiene tilbake i tid. Både Tore Kvæven og Aina Basso, som elles skriv historiske romanar, skriv også noveller som er lagt til ei fortid. Basso tar utgangspunkt i ei runeinnskrift med teksten «Gyda seier at du skal gå heim», og han som kjem med bodskapen er eldste sonen til Tormod. Han skal hente faren sin heim frå skjenkjestova. Kvæven skriv om forholdet mellom ein far og ein son som bur på ein aud heiegard i Sirdal, der faren har som prosjekt å herde sonen sin og gjere han vaksen.

Fire av novellene har ein eg-forteljar. Anne Lise Frøkedal debuterer som forfattar i denne novellesamlinga med den gode novella «Stein, gras, pinnar», som skildrar ein venskap mellom eit eg og eit du. Dei to venene skal snart starte på ungdomsskolen. Denne dagen finn dei på å leggje greiner og steinar i vegen, og gøymer seg for å sjå kva som skjer. Fleire bilar må stoppe. Ein ung gut, Asbjørn, køyrer rett inn i sperringa. Seinare kjem han tilbake og spør om du-personen vil sitje på, og eg-personen anar at venskapen mellom dei er i endring.

Eg-personen hos Inger Bråtveit er ei jente på 16 år som syklar rundt i bygda. Ho skal snart flytte på hybel. Ho tenker på moglegheitene dette gir, og det blir ein kontrast til søstera hennar som er gravid og er henta heim frå si kjellarleilegheit der «både andletet og kjærleiken er tapt».

Alle novellene handlar på ein eller annan måte om endringar i liva til hovudpersonane. Vaktmeisteren Ingolf er blitt pensjonist, og tenker tilbake på ein tapt kjærleik i novella til Annlaug Selstø. Susanne Skogstad har skrive novella som heile novellesamlinga har namn etter. Eg-personen hennar er ein eldre ungkar som ser at det gamle huset i Geila brenn, og tenkjer på dette som eit høve til å skape noko nytt. Han førestiller seg korleis han trur folkesnakket er, og refererer dette: «seier dei».

Alvar, åtte år, og mora Marija er komne til eit nytt land med snø. Alvar grev snøhole og ventar på at mora skal komme. Snøhola rasar saman, han ligg fast i snøen og tenker at mora snart reiser seg frå teiknebordet den framande mannen har kjøpt til ho. Denne novella er skriven av Rakel Solstad.

I novella til Erlend Kaasa kjem ein han køyrande til barndomsheimen sin der han ikkje har vore på to år. Mora ventar med vaflar. Han går opp på det gamle rommet sitt, det ser annleis ut der. Han tenker på Marianne og dei tre ungane, og på korleis han skal få fortalt om brotet til mora si.

Oda Malmin har også eit eg som fortel, og denne eg-karakteren viser seg å vere ein hund. Ho og fleire andre hundar er blitt henta inn frå gata for å vere forskingsobjekt. To av dei overlevde ikkje fryserommet. Dei må gjennom mange ulike forsøk for å kunne skape historie, men eg-hunden tenker: «Så lenge Vladimir smiler, går det bra». Forteljinga tel ned frå ti.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker