Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Geir Egil Eiksund: Kampen

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til Kampen

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka.

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt. Som lesarar vert vi inviterte med inn i tankane til Andreas

Kampen tek opp tema som homofili, kjærleik og vennskap. Boka inneheld gode skildringar av korleis det kan opplevast for ein 11-åring når livet er utfordrande.

Sommarfuglane inni meg døyr. Dei fell som svarte steinar og landar hardt i botnen av magen.

Det krev mot og styrke å tore å vere seg sjølv. Då treng ein å vite at nokon er like glad i deg uansett. Forhåpentlegvis vil unge lesarar sitje igjen med denne kjensla etter å ha lese Kampen:
«Du vil aldri gå åleine!»

Boka kan passe fint til høgtlesing i klasserommet til dømes på 6. og 7. trinn. Kampen tek opp tema som passar godt til litteraturundervisning etter verdigrunnlaget i opplæringa.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12