Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben 3: Fanga på fjorden

Fanga på fjorden er den tredje boka i spenningsserien Klodeklubben. Den første boka heiter Dei svarte svanene, og den andre boka heiter Hytta som forsvann. I alle bøkene møter vi dei miljøengasjerte barna Vanja, Sivert og Mo som er med i Klodeklubben.

I Fanga på fjorden oppdagar barna at nokon driv med ulovleg hummarfiske. Kven kan dette vere? Vi følgjer Vanja, Sivert og Mo tett gjennom den spennande etterforskinga som dei set i gang på eige initiativ.

Alle bøkene i Klodeklubben-serien er lettlesne bøker som passar godt for barn i alderen 6 til 9 år.

Samspelet mellom tekstane som Ruth Lillegraven har skrive, og illustrasjonane som Jens Kristensen har laga, fungerer svært godt. Dei fargerike illustrasjonane med ulike perspektiv gjer bøkene til ei glede å lese for både små og store lesarar.

Bøkene inneheld også ein miljøfaktadel med Ole Mathismoen, som er journalist og forfattar av Grønne greier. Gjennom faktaopplysningane kan nysgjerrige barn lære meir, og ein kan diskutere miljøtema i klassa eller i heimen.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
krim
Frost
3–6