Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Christine Kjellstrøm Melby: Ho

Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby er ei samling av sterke dikt som skildrar eit samlivsbrot og ei intens kjærleikssorg. Vi møter eit lyrisk du/ho som er blitt vraka til fordel for ei anna kvinne. Melby har skrive korte og bilderike dikt som rører ved lesaren.

Hendingane fører med seg eit detaljfokus, på sukkermauren i kjøkkenskapet og pollenkorna på kjøkkenbenken. Men meir påtrengande er lukta i den framande jakka, og lukter som minner om han:  «kvar natt / er det lukta du hugsar», ei lukt han har lagt igjen etter seg. Luktene minner også om korleis han var, og kor intenst det har vore. Vi får fleire tilbakeblikk som skildrar forholdet mellom ho og han, og det viser oss bakgrunnen for kvifor sorga blir så stor.

Ei motsetning til desse minna er brotet og kjensla av å gå heilt i oppløysing. Skogen blir staden ho flyktar til. Ho vil ikkje møte nokon, men gå i eitt med naturen på stiane der dei andre ikkje går. Her opplever ho einsemd og mørkeredsle.

Du-et får sterke fysiske reaksjonar: «augeepla dine er tørre / tunga di har blitt større / ho tettar for luftrøyret når du ligg på ryggen». Ei hud som sprekk opp og forsvinn. Klør veks ut på hendene og føtene, og huda losnar. Huda blir til slutt blir altfor stor, og saman med pustevanskane blir det sterke bilde på kjærleikssorga og depresjonen. Det same blir mangelen på lys, både det elektriske, det naturlege og det innvendige lyset. Mørket er tettare på og til å halde ut når du-et er i skogen. Ho er nær eit fysisk og mentalt samanbrot.

Fortid og nåtid heng saman gjennom slektsledd og forhistorie, saman med tankane om at ein sjølv blir historie. Du-et tenker på seg sjølv som borte, som noko arkeologane grev opp om tusen år. Vi møter ein natur som veks seg større enn seg sjølv. Overgangane mellom skogen og inne blir viska ut, det ligg restar av jord i senga, og du-et prøver å blande jordklumpar i peparkakedeigen. Dette er marerittaktige skildringar. Vi får ei lita vending der du-personen finn forlatne kattungar i skogen, ho kjenner seg som dei og kjenner varmen frå dei.

Utdrag frå boka

 

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne