Oskar Kroon: Vente på vind

Til nynorsk av Runa Kvalsund

Denne boka er vinnar av Augustprisen, som gjer ho til årets svenske barne- og ungdomsbok i 2019. Ho er skriven av Oskar Kroon (f. 1980), som er forfattar, journalist og bakar. Kroon debuterte med barneboka Mitt fönster mot rymden i 2018. Boka er nydeleg omsett til nynorsk. Kroon viser tillit til fiksjonen sin enkle dramaturgi. Med sine marine metaforar er denne boka ein bladvendar som vender seg til mellomtrinnet, men som eg meiner også kan passe for ungdomstrinnet.

Det er sommarferie. Venge er endeleg hos morfar på øya der han bur. Havet og øya lokkar med draumar og djupne. Venge drøymer om å bli sjømann og å segle til fjerne land og hamner. Kanskje vere litt helt, redde nokon skipbrotne.

Vi får vite at den kjenslevare mammaa til Venge er heime i byen. At ho er lei seg. At pappa har flytta ut for godt, og at han og den nye sambuaren skal få ein liten baby. Vi får også innblikk i at Venge kjenner seg einsam, blyg og stygg. At ho opplever utanforskap i skulemiljøet heime i byen. På øya kjennes det vanskelege fjernt og langt borte. Der er alt kjent og som før. Eller er det det?

Sommardagane dirrar av varme. Det gjer også relasjonen mellom Venge og morfar. Morfaren luktar av olje og sjø. Han veit kva Venge drøymer om, og kanskje kva ho treng? Han gir Venge ein gammal seglbåt som ho skal få gjere sjødyktig att. Det individuelle og relasjonelle i og mellom Venge og morfar er ikkje stereotypt, men vart og fint skildra.

Ein dag dukkar det opp ei jente på stranda der båten ligg. Ho har svart hatt og heiter Rut. Ho er verbal, vill og grinete. Det verkar som ho hatar å måtte vere hos mormor, som eig butikken, på den vesle øya. Det einaste Venge og Rut verkar å ha til felles, er at dei er jamaldringar og tilfeldigvis på same stad. Dei markerer seg, ignorerer og utfordrar kvarandre. Men så kjem kysset med alt det diffuse og vedunderlege som det fører med seg.

Det blir bølger. Uro og storm. Oppbrot og heimreise. Ein ny veslebror. Så gjensyn og jomfrutur i seglbåten. Morfar som døyr. Og eit liv som byrjar.

Vi får vere med i den personlege utviklinga som Venge har i det sjølvstendige arbeidet med å setje i stand seglbåten, og i det djupe venn- og kjærleiksforholdet som blir utvikla med jamaldringen Rut.

Vente på vind er ei gripande og fengande forteljing om ein uvanleg sommar som balanserer på grensa mellom det leikne i barndomen og det alvorlege i vaksenverda. Med avskjed, nytt vennskap og ein stranda kval lærer Venge seg å stå stødig og sterk i storm.

Språket er lett, poetisk, nært og set lesaren i stemning. Kroon har eit godt handverk med særeigne språklege valørar, innlevingsevne, timing og blikk for detaljar i personar og omgjevnader. Boka høver godt for arbeid med menneskeverd, identitet og skaparglede i verdigrunnlaget i opplæringa. Vente på vind er ei vakker forteljing om å vekse og å forandre seg. Eg trur det er ei bok som vil vare lenge.

Utdrag frå boka