Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingrid Senje: Stupeteknikk

Stupeteknikk er ei samling med ni relativt korte noveller. Fire av novellene har vore på trykk andre stader, elles er dette den første samlinga til Ingrid Senje.

Novellene handlar om dei nære relasjonane og kor utfordrande det kan vere å snakke om det ein bør snakke om, eller å opne seg og involvere andre. Kjærleiken er utfordrande å handtere, det er vanskeleg å meistre ein kvardag og å leve med konsekvensane av vala sine. Vi møter mange slags kjensler som mistenksamheit, redsle, lengt, sjalusi og tomheit. Her er forhold som er slutt, forhold som skrantar og kjem til å ta slutt, og også nokre der det kan vere håp om framhald. Det kan handle om å sjå og å bli sett. Tilhøve i fortida er med på å prege nåtida, særleg når ein ikkje har gjennomarbeidd hendingar eller reaksjonar. Søskenrelasjonar blir også tematisert i eit par av novellene.

Døden er eit motiv i fleire av forteljingane, og møtet med døden får ulike verknader på personane. Vi møter eit par på togreise i Det siste hotellrommet. Dei tar inn på eit støvete og slite hotell, men ei rastløyse har sett seg i kvinna. Ho tenker mykje på den jenta som drukna på ei strand, og som mannen hennar prøvde å redde. Mannen er svært påverka og medteken av denne hendinga, han vil helst sove. Han klarer ikkje nærleiken hennar, han trur han er sjuk og kjenner at han ikkje får puste.

I Når det nærmar seg møter vi Signe som besøker ein døyande far. Ho prøver å snakke og er usikker på om han høyrer. Ho synest det er ei påkjenning å vere der. Broren hennar, Daniel, er busett i utlandet, og tilbyr seg å komme. Men det vil ikkje Signe, og avfeiar han med at det ennå er tid. Ho tenker tilbake på då dei som barn miste mora. Då faren døyr, syng ho for han, men vil ikkje lese meldingane frå broren.

Søskenbarna Klara og Jonas er i gravferd til bestefaren i Hugse det gode. Dei snakkar om kor vidt dei har sett han når han var død. Dei er ute på kyrkjegarden, og Klara vil vise Jonas ein løyndom inne i skogen. Klara insisterer på at Jonas må svelgje ein meitemakk, men han har han berre inne i munnen til gravferdsbilen har køyrt. Han er oppteken av om bestefaren verkeleg er død, for Jonas er redd for at bestefaren har høyrt kva ungane har halde på med.

Mange av novellene har ein eg-forteljar, og det gjer at vi kjem nært personane. Vi kjenner saman med dei kor marginalt det kan vere, og korleis uro og rastløyse kan prege folk. Desse folka har lite å gå på, og dei slit med å halde seg i gang. Det er også spørsmål om kva ein skal snakke om og kva ein skal teie om og ikkje fortelje.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker