Bok på 1-2-3: Au, det gjer vondt!

Tverrfagleg opplegg i kroppsøving og norsk. Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen skal gje elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gjer eleven i stand til å ta ansvarlege livsval. Å bruke kroppen og naturen fell også inn under temaet skaparglede og utforskartrong.

Tid: 15 minutt kvar dag i 6 dagar, og 60 minutt den sjuande dagen

Undervisingsopplegg (PDF)

Au, det gjer vondt! er laga av Hans Peterson og Ilon Wikland og omsett av Ingebrigt Davik. Hovuddelen av boka handlar om tvillingane Peter og Petra, som bur på ein holme i skjergarden saman med mor, far, mormor og morfar. Foreldra er vekke på arbeid nokre dagar, men mormor og morfar passar på. Og det er bra, for Peter og Petra kjem stadig i situasjonar som krev at mormor hentar «førstehjelpa», skrinet med plaster og anna førstehjelpsutstyr. Gode illustrasjonar og akkurat passeleg mykje dramatikk gjer at denne boka står seg, sjølv om ho er nokre år gammal.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket

Au, det gjer vondt!

Tilleggsmateriale