Arnfinn Kolerud: Gamle menn i syningom

Gamle menn i syningom er den tredje og siste romanen i trilogien om Vassbygda/Vassbygdi, den siste landsbyen i Norike som klamrar seg til nynorsken. Bygda der innbyggarane kranglar om a-endingar og i-endingar, og klassane på skulen ikkje heiter a og b, men a og i.  

I dei to føregåande romanane har vassbygdingane tatt i bruk sterke verkemiddel for å verne nynorsken mot bokmål: Orm Åkerstein har køyrt postbilen på sjøen fordi han deler ut reklame på bokmål. Vassbygda/Vassbygdi Vel har engasjert Åkerstein til å skyte ein bjørnunge i Dyreparken, som kunne slå plen med plenklippar. Bjørnungen hadde fått namnet Ivar, og stod i fare for å bli meir populær enn sjølvaste Ivar Aasen. Den mest ihuga nynorskingen av alle, Bendik Uføre, har også gått rundt på offentlege kontor og lagt støv på søknadsskjemaa på bokmål, så det skal sjå ut som om dei er lite i bruk, og Uføre har vedda huset på at han skal få heile Norike til å samle på nynorske diktarkort, og greidd det.  

I den siste romanen har nokon snike seg til å heise eit dansk flagg over det norske slottet i hovudstaden, og ein fornærma konge gir både intervju og held ein appell på nynorsk i NRK. Riksmålsforbundet blir skulda for majestetsfornærminga, og når kongen har blitt nynorsking og medlemmane i Riksmålsforbundet fell frå ein etter ein, ser det lyst ut for nynorsken sin status i Norike.  

I Vassbygda har fleire bussar med steinhoggarar frå Eurasia innteke landsbyen. Hovuda til fire store nynorske diktarar skal sprengast og hoggast ut i fjellet, slik at hordar av turistar frå innland og utland vil trekkje til Vassbygda på same måte som dei gjer til presidentfjellet i USA, Mount Rushmore. Dette vil vere eit løft for både nynorsken, den nynorske litteraturen og den nynorske landsbyen. 

Romanane om Vassbygda er fulle av språkleg leik, ordspel og humor. Alle dei tre bøkene har potensiale til å vere norskdidaktiske leikegrinder for ein lærar som skal undervise om språkleg identitet, språkstriden, nynorsk samtidslitteratur, litteraturhistorie eller nynorsk grammatikk. Sekvensar frå romanane kan trekkjast inn i undervisninga. Dei har sjølvironiske skråblikk frå ein stolt nynorskbrukar, som tar i bruk potensialet som ligg i det norske språkmangfaldet og den norske språkstriden. Her er nokre døme:  

Språklege skilnader mellom bokmål og nynorsk:
Bendik Uføre har brote foten, og vekedagane på medisindosetten er skrivne på bokmål, med MAN, TIR, LØR og SØN i staden for MÅN, TY, LAUR og SUN. Uføre nektar å ta medisinane sine, visse prinsipp må ein ha (side 11-12). Han endar opp med å ta smertestillande på dei samnorske dagane onsdag, torsdag og fredag, medan han lir seg gjennom dei fire andre.   

Sjukepleiaren til Bendik, ei dame med lyst hår, heiter Else. Ho fortel Bendik at han har hamna på sykehus, han har hatt en tøff opplevelse, fått hjernerystelse og hevelse, må unngå anstrengelse, spør om han har følelse, vil gjere en undersøkelse, og ho nemner både ledelse og beklagelse. I eit mareritt står Else og smiler med svarte tenner og talar om henvendelse, opplevelse, henrettelse, begravelse, bestemmelse, betalingsoverførelse, utsettelse, forferdelse, engstelse og oppstandelse (side 23-25). Bendik meiner det ikkje finst kokande gryter i helvete, men blondiner som snakkar bokmål. 

Nynorsk litteratur
Fire store, nynorske forfattarar skal hoggast inn i fjellet i Vassbygda. I kapittel 10 «Dei fire store, dei fire største» (side 41-49) reflekterer bygda over kven desse fire nynorske forfattarane skal vere. Her presenterer boka ein «fritt etter hugsen»-gjennomgang av ulike litterære, språklege og biografiske trekk ved forfattarane Ivar Aasen, Aasmund Olavson Vinje, Tarjei Vesaas, Arne Garborg, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Edvard Hoem, Einar Økland, Jakob Sande, Olav Duun, Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, Arnfinn Kolerud, Eldrid Lunden, Aasta Hansteen, Åse Marie Nesse, Brit Bildøen, Olaug Nilsen, Agnes Ravatn, Gunnhild Øyehaug, Maria Parr og Jon Fosse.  

Allusjonar til Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge sine forfattarskapar går igjen gjennom heile boka. Enella Frø elskar nynorske dikt, og “synest det er så fint når Vesaas skriv to verb etter kvarandre utan “og” imellom, som “han står undrar” og “han sit ventar”” (side 75). Denne skrivestilen dukkar deretter opp gjennom heile romanen som ein analogi til Vesaas sin skrivestil: “Ho reiser seg og går til vindauget, står teier. Bendik går på do, sit tenker, sit drit” (side 188). I kapittel 41 «Kongen les» (s 197-203) held kongen ein nynorsk appell på fjernsyn. I denne appellen les og tolkar han Olav H. Hauge sitt dikt «Lauvhyttor og snøhus». Appellen får nynorskbrukarar over heile landet til å reise lauvhytter i barnehagane, skulane og rundt husa sine. Kongen si tolking av diktet er humoristisk skildra, men er ei vakker tolking ein kan diskutere og arbeide med i klasserommet. I det siste kapittelet, «Eit nynorsk dataspel» (s.279-285) skisserer Bendik Uføre og Enella Frø ideen til eit nytt, nynorsk dataspel med utgangspunkt i tekstane til Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge saman med ein ung spelentusiast og spelutviklar. Denne flettinga av Vesaas, Hauge og ny teknologi kan vere utgangspunkt for ei elevoppgåve der elevane skal dikte vidare på handlinga i spelet. 

Språkstriden
Språkstriden mellom bokmål og nynorsk er bakteppet for alle dei tre romanane om Vassbygda. Gamle menn i syningom problematiserer også gjennomgåande korleis engelsk fortrenger det norske språket og bokmål trugar nynorsken, og vassbygdingane prøver å motverke dette ved å korrigere menyar med engelske innslag når dei er på restaurant, og å unngå personar og ord som til dømes har -else i seg. Men det er ikkje berre nynorskfolket som kjenner seg truga utanfrå. Riksmålsforbundet har også sine språklege kjepphestar, og unngår og leitar etter erstatningar for ord og personar som sluttar med bokstaven -a. Når dei bestiller smørbrød, skal det vere utan ruccola og paprika, dei køyrer Heidalen for å sleppe å køyre gjennom Otta og Sjoa,  og servitørane Lisa og Maria må gå med namneskilt det står Lise og Marie på i lunsjen til Riksmålsforbundet.  

Romanane i trilogien til Arnfinn Kolerud er skrivne for vaksne, men humoren, dei litterære analogiane, språkleiken og dei språklege bileta gjer at bøkene kan appellere til mange aldersgrupper. Heile eller delar av bøkene kan brukast både i lærarutdanninga, vidaregåande og i ungdomsskulen.  

Les bokomtale av den første boka, Når ein først skal skyte nokon.
Les bokomtale av den andre boka, Kom ikkje inn i mitt hus.