Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Brynjulf Jung Tjønn: Kvar dag skal vi vere så modige

I denne romanen møter vi Isak som bur saman med mor si. Som lesarar vert vi tekne med inn i tankane til Isak, som er eg-forteljaren. Allereie frå starten får vi vite at forholdet mellom Isak og mora ikkje er som det bør vere. Isak blør frå kneet og kviskrar at han vil ha plaster, men mora snur seg ikkje. Ho ber guten gå ut fordi ho vil vere i fred. Andre gongar insiterer ho på at Isak skal skulke skulen for å vere heime og ta vare på henne.

På andre sida av skogen ligg nabogarden. Isak søkjer kontakt med den nye naboen som gir han tyggis eller kjeks. Mannen har ein kjærast med langt, lyst hår, som er snill og imøtekomande mot Isak. Dei tek han med på bading og grilling.

Isak har ein bestevenn som heiter Yardan. Isak synest Yardan er heldig som bur saman med familien sin som bryr seg om han. Yardan er ein trufast ven som stiller opp for Isak ved skuleporten kvar dag, men ein dag skjer det noko.

Isak prøver å skjule for alle rundt seg korleis han har det heime. Isak kjenner seg usikker på om folk likar han, samstundes lever han i håpet om å bli elska og bli ein del av ein familie.

Teksten i romanen er lett å lese. Forfattaren utfordrar samstundes lesaren til å tenkje over kva som ligg mellom linjene. Det gjer nesten litt vondt å lese denne romanen, fordi ein veit at fleire barn og unge har det slik som Isak. Samstundes får denne romanen ein til å reflektere over rolla ein sjølv kan spele som nabo eller vaksen i livet til barn og unge som har det utfordrande.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker