Frode Grytten: Gut, jente, juni, juli

Den nyaste novellesamlinga til Frode Grytten startar med novella «Evig sommar», og ho skildrar det som på Sørlandet vil heite ein «smeigedag», ein solrik, varm sommardag med gode kjensler og der livet er herleg spennande. Gutar kjem med båten, treffer jenter og flørtar, et is og tar eit bad før båten går igjen. Dagen er ein slik dag mange drøymer om og mange har opplevd ein gong, der ein kjenner at livet er på toppen og tida står stille.

Den siste novella i samlinga «Sommar for lenge sidan» skildrar eit minne eg-personen har om den gongen bestefar Anders Grytten gjekk ned til fjorden for å kjøle seg ned, og ungane oppdaga at han ikkje kunne svømme. Så får vi vite korleis foreldra hans lærte seg å svømme i den iskalde fjorden, korleis eg-et og broren hans fekk svømmeopplæring den tida det var vatn i bassenga, og korleis døtrene hans har lært seg kunsten i hotellbasseng og på feriar. Det er eit stort tankekors for eg-personen at berre halvparten av dagens tiåringar kan svømme godt nok til å berge livet, og han etterlyser betre og meir svømmeopplæring.

Novellesamlinga har ein god og talande tittel: Gut, jente, juni, juli, som peikar mot sommaropplevingar og forelskingar. Vi får tolv ganske korte noveller som kretsar rundt bading, vatn og strand som motiv, enten forteljinga er lagd til eit basseng, til ei strand i Spania eller draumen om havet. Det handlar om den forlokkande og vanskelege kjærleiken og det lokkande og uføreseielege vatnet. Vi møter ulike former for vatn, med ulike tematiske funksjonar.

I «Til havet» har Alvaro bestemt seg for at han vil sjå havet, og han håper at havet vil vere der når dei kjem. Minna hans skal begynne denne dagen, tenker han. I ei anna novelle, «Asbury park, New Jersey», møter vi paret som trefte kvarandre på ein Springsteen-konsert på 80-talet, og som nå er på den USA-turen dei lenge har drøymt om. Dei vil oppleve Asbury Park der Springsteen «surfa og flørta og spelte gitar», og vi skjønar etter kvart at kvinna ikkje har lenge igjen å leve. I to av novellene «Nattsvømming» og «Kjøre vest» er spørsmålet om sjølvmord aktuelt.

Mange av novellene har ungdommar som hovudpersonar, og novellene eignar seg godt til å arbeide med i vidaregåande skole. Vatn- og svømmemotivet er gjennomgåande, medan tematikkane er ulike. Vi ser inn i samhandlinga og kommunikasjonen mellom menneske, og korleis ulike forteljeposisjonar verkar. Her er au metaperspektiv på forteljing og skriving, og litt å tenke over for den som les. Vi møter både forelsking og melankoli, og i kjent Grytten-stil: mange musikkreferansar.

Utdrag frå boka