Marit O. Kaldhol: Enno var dei kroppar

Novellesamling, Samlaget 2021
Hendingane går føre seg på stader som ikkje er namngitte, men vi forstår at det det er ulike stader i verda. Dei fleste personane har heller ikkje namn, i alle novellene er det eit eg som fortel. Det er heller ikkje enkelt å avgjere om hendingane finn stad i nåtid eller viser korleis det blir i ei tenkt framtid. Dette gir novellene eit universelt preg, og dei alvorlege problemstillingane som blir tematiserte, er uavhengige av tid eller stad. Dette er sterke forteljingar.

Kaldhol skriv fram samfunn og natur i krise, det er brutale historier som speglar ei brutal verkelegheit. Vi møter menneske på flukt frå krig og forskjellige katastrofar. Det er tørke, matmangel og vassmangel, og dette fører igjen til utryggheit, vald og overgrep. Her er mange fråflytta og øydelagde landsbyar, og det mest prekære er mangelen på mat og reint vatn. Sjukdommar og infeksjonar er også ei utfordring.

Mange av personane er foreldrelause. Foreldra kan vere bortførte eller drepne, og ungar og ungdommar må overleve som best dei kan. Landsbysamfunn og familiar har gått i oppløysing. Folk er på vandring og prøver å ta vare på kvarandre. Dei blir prisgitt andre folk dei møter, ikkje alle med gode hensikter. Soldatar og milits representerer fare for at folk berre forsvinn, for tortur og valdtekt. Avskoging og brannar eller rovdrift på naturen kan vere bakgrunnen for flukta. Det er flest jenter eller kvinner som fortel, og dei er gjerne dobbelt utsette, både fordi dei er kvinner og fordi dei er fattige. Desse unge personane har også draumar. Om å finne igjen mora, om havet, om å komme over grensa og om eit anna og betre liv. Vi som les, forstår at det er lite håp.

Samlinga har 13 noveller, og alle titlane er korte enkeltord utan stor forbokstav, som «skugge» eller «fiolin». Dette er sterke noveller som rører ved oss, dei kan kjennast ubehagelege å lese fordi dei kjem nært på og handlar om slikt som vi kanskje prøver å verne oss mot å tenke for mykje over. Setningane er korte, språket knapt og effektfullt. Kaldhol skriv gode og gripande noveller som eignar seg som utgangspunkt for diskusjonar om klima, miljø, flyktningar og krig, og inn i eit tverrfagleg arbeid med samfunnsfag, naturfag eller religion. Kvar av novellene er ei sjølvstendig historie, men dei heng likevel saman. Huset på stranda og koppen med rosemønster finst i to noveller, og alle kretsar rundt den same tematikken. Det er heller ikkje tvil om at vi finn underliggande kritikk av korleis vi er i ferd med å øydelegge naturen rundt oss på ulike vis. Ho viser også korleis det går med dei som blir hardast utsett, og korleis krisene rammar og vil kunne ramme oss alle.

Utdrag frå boka