Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anna R. Folkestad: Fiskebolleboks-raketten

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Fiskebolleboks-raketten

Vi møter Nils og faren som held på å byggje ein rakett av fiskebolleboksar. Ragnhild Franzen som er sponsor og eigar av fiskebolleboks-fabrikken, er svært pågåande fordi ho vil at dei skal sende ein person rundt månen i denne farkosten. Det vil gje mykje merksemd til henne og fabrikken.

Anna R. Folkestad har skrive og illustrert Fiskebolleboks-raketten. Samspelet mellom teksten og illustrasjonane fungerer svært godt. Den fantasifulle historia og dei artige illustrasjonane gjer denne boka til ei glede å lese for både barn og vaksne. Vi trur denne boka vil fungere godt til høgtlesing både heime og på skulen.

Samstundes som boka er lettlesen og humoristisk, så tek ho opp viktige tema som ein kan diskutere med barna:
– Kva drøymer du om?
– Kan andre påverke kva draumar vi skal ha?
– Korleis skal vi tore å seie det vi eigentleg føler/meiner?
– Kvifor er det viktig å snakke saman?

Tips til undervisninga:
Be elevane teikne og/eller skrive om sin draum. Dei kan til dømes bruke teikneseriemalen som du finn her.

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12