Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rune F. Hjemås: Ein bror i verdsrommet

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Vi følgjer hovudpersonen Elias som går i 7. klasse. Storebroren Mats er alvorleg sjuk, og mesteparten av tida må Mats vere på sjukehuset. Heime følgjer Elias og venene med på ein eldre mann som har eit mystisk raudt lys i vindauget. Elias har også fanga opp ein spesiell lyd. Kan dette vere eit lydsignal frå verdsrommet? Finst det liv på andre planetar?

Ved å lese Ein bror i verdsrommet får vi eit realistisk innblikk i korleis sjukdom i nær familie kan opplevast for ein ung person. Romanen skildrar oppturar og nedturar, usikkerheit, forventningar, håp og venskap. Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet – og om det å vere ein litt utypisk superhelt.

Romanen er lettlesen og kan passe godt for barn i alderen 9 til 12 år.

Fleire boktips

ungdomsbøker
9–12
9–12
9–12