Anna R. Folkestad: Byggebøll

Dette er den fjerde boka om Besta og Bo, men alle bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre. I Byggebøll møter vi først Besten og Bo, som byggjer hytte saman. Dei brukar hammar og spikar, og hytta blir rett så solid. Så kjem Besta, som vanleg full av idéar. Ho går i gang med å byggje ei hytte oppe i treet, for ho meiner det er mykje betre. Besta synest også det er mykje betre å bruke teip enn hammar og spikar i bygginga. «Er Besta si hytte trygg, spør Bo. Nei, seier Besten». Dei veit begge at det er ikkje råd å stoppe Besta når ho først er i gang. Men så byrjar det å blåse.

Byggebøll er ei forteljing som er lett å lese, spennande og humoristisk. Anna R. Folkestad står bak både teksten og dei herlege illustrasjonane, og kanskje er det nettopp derfor at ho får sagt så mykje med så få ord. For barn som held på å lære å lese, er det viktig at tekstane er slik at dei har lyst å lese vidare for å sjå kva som skjer, og dette er nettopp ei slik bok.

Boka er på nivå 1 i Leseland-serien til Samlaget.