Mona Høvring: Soga om Fråid

Vi blir kjente med dei tre søskena Terje Eddipus, Fråid og den gullfine jenteflisa Eva. Dei bur i Urskogen 13 og klarar seg sjølv. Mora deira har reist frå dei, men ho sender eit årleg, uforståeleg julekort til dei frå Italia, der ho er nonne i eit kloster. Faren, August Augustus Vulgaris, er sjømann på langfart. Derfor må ungane klare seg sjølve. Dei lærer seg at dei ikkje skal spørje, ikkje gråte, ikkje sakne.

Fråids første prosjekt er å få seg ein kjærast, helst ei jente, og han har laga ei liste over korleis han synest ho skal vere. Han kan godt tenke seg at ho heiter Glinda og vil bli professor i matematikk. Sjølv tenker han at det høver å bli filosof.  Fråid drøymer mykje. Då Demona kjem flyttande inn hos dei, får han eit nytt prosjekt, han vil få ho til å smile. Han liker stemora Demona, og han spør henne om korleis han kan få seg kjærast. Begge prosjekta skal vise seg å bli utfordrande. Derfor set han i gang eit tredje prosjekt, å lære seg framandord. Han gløymer å ete og sove.

Terje Eddipus har laga seg eit orientalsk telt inne på rommet sitt, og dette teltet blir eit hovudkvarter i huset. Her er han ein god vert for dei to andre. Han kan tolke draumar og viser Fråid ei bok skriven av namnebroren hans. Han driv også med handarbeid og tankeoverføringar.

Eva syng og syng og er aldri sur. Ho snakkar berre når det er nødvendig, og ho sovnar kvar som helst og momentant. Ho kan også gjere seg usynleg, og ho har ein elskverdig latter.

Faren Vulgaris er romantikar og drøymer om ein kjærast han kan komme heim til etter ei lang økt på sjøen. Han er med i ein songkvartett som har som mål å muntre opp tilhøyrarane. På eit psykiatrisk sjukehus der dei har spelt, møter han Demona de Sjavy, og Vulgaris fell pladask. Maken til kvinnfolk finst ikkje. Håret hennar skiftar brått farge, høgda hennar endrar seg, ho elskar motorsykkelen sin og har ein røff språkbruk. Ho kallar Fråid for mange ting: Ditt krakelerte sausenebb, ein vårslapp brisling, ein tenippande slaur og ein stivnakka hakkespett. Dessutan kan ho flyge. Ho har vore innlagt i fleire år, og Vulgaris må kjempe hardt for kjærleiken hennar. Endeleg skriv han ei gledesstrålande melding til ungane om at han tar ho med seg heim. Frå den dagen er familielivet drastisk endra!

I romanen møter vi ein heilt særleg søskenflokk og ein familie med eit underleg liv. Likevel minner dei iblant om ein vanleg familie. Problemstillingar om psykisk helse og ulike diagnosar, mismot og oppturar, og det å få ei stemor som ikkje er enkel å takle, ligg under den sprelske forteljemåten, og dette blir handtert med humor og forståing.

Høvring skriv spenstig  i eit moderne og leikent språk med innslag av engelsk: «det hotte hjartet hans, ho er sjukt nice, bu der forever». Eller kva med eit ord som «virrevapphøge», eller ei setning som «festleg og full av fiber og freidige fråsegner»? Forteljinga balanserer på kanten av å bli for tøvete, men truleg vil ho more ein ung lesar. Svært lite av det som skjer, er truverdig eller føreseieleg.

Utdrag frå boka: