Anders Totland og Martin Ernstsen: Pest og plage – verdas verste pandemiar

I denne faktaboka får vi lære meir om sjukdommar som har herja både i Noreg og elles i verda, frå svartedauden i 1349 til koronapandemien. Boka gir oss eit historisk innblikk i korleis sjukdommane råka både by og bygd, og fortel om tragiske utfall for fleire familiar.

Vi får høyre om namngjevne personar som har blitt råka av dei ulike sjukdommane, og vi får eit innblikk i korleis mange av desse personane har opplevd å bli behandla. Forfattaren skriv også om utvikling av medisinar og vaksiner og kva som kan skje dersom vi brukar for mykje antibiotika.

Boka er delt inn i oversiktlege kapittel, har eit lett og forståeleg språk, og har gode illustrasjonar. I tillegg har kvart kapittel ein eller fleire faktaboksar, der ein får vite enda fleire historiske fakta om sjukdommane, medisinar og vaksiner.

Boka passar godt for born på mellomtrinnet, og kan nyttast fagleg i både norsk, samfunnsfag og naturfag.