Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marianne Gretteberg Engedal: Polititjuven

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Polititjuven

Dette er den andre boka om Kjell og bestevenen Pølse-Per. Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, likte så dårleg å vere tjuv at han slutta med det i den første boka. I Polititjuven får vi likevel sjå at eit dårleg rykte ikkje er så lett å bli kvitt. Ein politifamilie flyttar til byen, og politijenta Perit startar i klassen til Kjell og Pølse-Per. Då klassen skal på overnattingstur i skogen, sit Pølse-Per og Perit saman, og han vil gjerne at ho skal bli kjent med Kjell. Det er berre eitt problem. Politijenta Perit ser med ein gong tjuvemaska til Kjell, og skjønar at han er tjuv!

– Er det han du prata om, Pølse-Per? Du sa ikkje at han er ein tjuv.
– Eg er ikkje ein tjuv …
– Kvifor har du tjuvemaske då?
– Den går berre ikkje bort …

Verda til Kjell endrar seg når han oppdagar at Perit prøver å stele bestevennen frå han. Perit kjem på gruppe med Pølse-Per, og Kjell må vere på gruppe med Bibbi. Og endå verre blir det når nokon har stole pålegget på skiva til Perit, og ho automatisk skuldar på Kjell. «Ein gong tjuv, alltid tjuv», seier ho. Dei to er så opptekne av å krangle om kven som er den beste vennen til Pølse-Per, at dei ikkje eingong oppdagar at Pølse-Per er borte. Kvar kan han vere? Dei leitar og ropar. Når dei til slutt finn han på ein stokk over elva, kranglar dei så mykje om kven som skal redde han, at Pølse-Per ramlar i vatnet.

– Du må redde han!
– Ehh… Gjer det du.
– Du er jo politi! Det er jobben din!
– Men … Eg kan ikkje svømme.

Så kven er det eigentleg som reddar Pølse-Per? Kjell, som hoppa i vatnet, eller Perit, som drog han på land? Og kva skjer når Pølse-Per går til læraren og spør om å få bytte gruppe, og heller vere med Bibbi? Vil då Kjell og Perit kanskje finne ut at dei ikkje er så ulike som dei trur likevel?

Boka er skriven som ein teikneserie med ei til seks ruter på kvar side, der det meste av teksten vert formidla gjennom tanke- og snakkebobler. Teikningane er fargerike og svært illustrerande, og forfattaren får fram sinnsstemningane til dei ulike karakterane. Dette er ei god bok som får lesaren til å skjerpe sansane, og som innbyd til gode samtalar og refleksjonar.

Les utdrag

Fleire boktips

6–9
6–9
Frost
3–6
3–6