Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tone Nilsen-Bie: Sumarvariasjonar

Sumarvariasjonar er teaterpedagog og ungdomsarbeidar Tone Nilsen-Bie sin skjønnlitterære debut. I novellesamlinga tek ho føre seg møte med utfordringar og sorg i ung alder, og korleis menneske kan vere til støtte for kvarandre. Bie skildrar allmenne og tidlause tema og er samstundes tett på ungdomskulturen i dag. Dei fem novellene har sommar som ramme. Vi møter Kåre som skryt på seg å kunne spele gitar for Lovise. Gustav som faktisk vil ha Maja. Magnus som får lære å lyse etter krabbe. Tim som får eit vendepunkt etter møte med levd liv, og Celine og Mikael som ventar på hausten. Tekstane legg vekt på ungdommeleg og medmenneskeleg interaksjon, og er prega av dialog og symbolikk. Dei skaper også nyfikne og gir rom for tolking og undring. Novellene rører ved kjensler som er normale og sterke i oppveksten. Dette kan vere kjærleik, samanlikningar, roller, status og helse. Dei tek også føre seg tema som fattigdom, utanforskap, einsemd, overgrep og død. Språket er presist og nært.

Boka høver frå 10. trinnet og i vidaregåande opplæring, og kan gi inspirasjon til skjønnlitterær skriving og tekst til scene. Ho er på 91 sider.

Novella Lyse etter krabbe finst også som teatermanus og radioteater.

Boka er gitt ut av Skriveakademiet.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker