Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Irene Larsen: Der det gror skierri

Det er inga kvardagshending at det kjem ein roman der handlinga er lagd til Finnmark og Nord-Troms, og det er endå meir sjeldan at ein slik roman er skriven på nynorsk.

Yrja er hovudpersonen i romanen, og det er hennar tankar og synspunkt vi opplever kvardagen gjennom. Yrja er festivalleiar for ein sjøsamisk festival, og ho har flytta heim etter tjue år borte, og bur nå på øya i Finnmark der ho vaks opp. Ho har overtatt gjenreisingshuset etter foreldra og kjenner at ho må bli kjend med bygda på nytt. Dei fleste ho kjende, er borte, foreldregenerasjonen er døde, og jamaldringane hennar har flytta.

Den gjennomgåande historia er forholdet Yrja har til Isak Ballovarre. Han er ein gift mann som arbeider i krabbenæringa. Dei møtest ulike stader, ofte i den gamle trafokiosken, men er opptatte av at ingen må sjå dei. Yrja har ei stor uro over seg, ho drikk for mykje, tar antidepressiv og søv for lite, og har alltid hatt vanskar med forhold til menn. Ho irriterer seg over Isak som snakkar for mykje, og at ho er så opptatt av han. Begge tenker på at dei ikkje kan halde på å møtast, men dei klarer heller ikkje å halde seg frå kvarandre. Ekstra vanskeleg synest Yrja det blir når ho møter Marit, kona hans, på treningssenteret.

Eilif var vaktmeister på skolen hennar, og ho gjekk ofte til han då ting butta imot. Nå tar dei opp kontakten og går lange turar der dei diskuterer litteratur og eksistensielle problemstillingar. Yrja er svært opptatt av historia om Pietro Querini og skipsforliset utanfor Røst i 1432. Gjensynet med Yrja er bra for Eilif også, han er ein einsam gamal mann og slit med mange tunge tankar. Litt etter kvart opnar han seg for Yrja.

Irene Larsen skildrar eit moderne Finnmark og trekker inn aktuelle problemstillingar rundt turisme, oppdrettsnæringa, kongekrabbefiske, snapchat-meldingar, airbnb, spørsmål om gruvedrift i Repparfjorden og bygginga av kraftlinja mellom Balsfjord og Skaidi. Gjennom å stå i vindauget og sjå ut eller å gå rundt i huset, blir Yrja minna om korleis Finnmark var då ho var lita og kva foreldra hennar fortalde. Slik kjem romanen inn på emne som evakueringa, fornorskinga, læstadianisme og samisk mytologi. Larsen skildrar folk og landskap med ei moderne nynorsk språkføring, og bruker nokre samiske ord ho hugsar at foreldre og besteforeldre brukte.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne