Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Olla Rypdal: Mysteriet ved Hangmanʼs Hill

Som tittelen tyder på, er dette ei spennande forteljing med røter i England. Vi får møte Anna og vennene Siri og Erik, som hjelper til med opprydding i det gamle feriehuset på Vargholmen. Der finn dei eit uskarpt, gammalt svart-kvittfotografi av eit landskap, eit stup ved ei klippe. Bak på biletet står det Hangmanʼs Hill, og dei vert nysgjerrige på å finne ut meir om staden og bakgrunnen for biletet. Saman med fotografiet finn dei også gamle brev, adresserte til ei Martha, underteikna Betsy. Breva er sende frå Combe Martin i 1906, og dei skjønar raskt at det handlar om eit gammalt, uløyst mysterium. Dei tre går i gang med å grave i historia og får verkeleg fart i sakene då foreldra til Anna går med på å reise til England på vinterferie, og Siri og Erik får bli med.

Mysteriet ved Hangmanʼs Hill vekslar mellom 2018 og 1906 på ein måte som eignar seg godt for unge lesarar. Forfattaren dveler ikkje for lenge ved kvar scene, noko som gjev god driv i forteljinga. Forteljinga er fantasifull og dramatisk, men ikkje for altfor skummel for målgruppa. Dette, saman med eit daglegdags språk og litt større bokstavar enn mange romanar har, gjer at det er relativt enkelt å kome inn i handlinga og bli der.

Boka eignar seg godt for 9–12-åringar, og elles alle som likar å drøyme seg vekk til forblåsne klipper og spennande mysterium.

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12