Ida Eva Neverdahl: Floke 2 – inn i skrømtskogen

Den andre boka om den fredelege vikingguten Floke held fram der bok nummer ein slutta. Floke er saman med ei ku og ein attergangar på ei ferd gjennom skrømtskog, trollfjell og sjølvaste Jotunheimen. Målet deira er å redda verda frå ragnarok, og på vegen støyter dei på både Nøkken, Fenrisulven, Tyr, Ratatosk og andre skapningar frå norsk folketru og norrøn mytologi. Streken til Neverdahl er naiv, sprelsk og levande, og det same er forteljarstilen hennar. Du veit aldri kva innfall som ventar på neste side, og særleg slutten av boka er noko av det særaste og artigaste eg har lese. Det er berre å gleda seg til bok nummer tre om Floke med det same.