Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lena og Olof Landström: Bø og Bæ og stakkars Bo

Bø og bæ skal sykle til venen sin, Bo. Han har fått ny sykkel, med tre gir og handbrems. Men Bo er blitt forkjølt og får ikkje lov til å gå ut. Venene vil gjera han glad, så dei syklar til butikken for å kjøpe noko til han. Bø og Bæ har ingen pengar. Etter eit fall på sykkelen får dei etter alt hell litt pengar som trøyst, og dei syklar av stad til butikken. Det er vanskeleg å veta kva ein skal kjøpe. Bø og Bæ kjøper tre par solbriller; eit par til kvar av dei. Blå, rosa og gul. Bo vert glad for gåva, og kanskje er det ikkje så synd på han likevel …? 

Tre gir og handbrems – og så får han ikkje gå ut!
Stakkars Bo.
«Vi kjøper noko til han.»
«Jaa! Då blir han glad.» 

Bø og Bæ og stakkars Bo er ei nydeleg barnebok som eignar seg godt for barn i alderen 0 til 6 år. For dei yngste er det mykje å lesa i teikningane, og det er mange fine detaljar ein kan bruke god tid på å studere. Handlinga er enkel og lett å forstå. For dei eldre er det korte og gode setningar når ein så smått skal til å lesa sjølv, og språket i boka er gjennomgåande godt. Dette er ei barnebok der ein oppdagar fleire detaljar og nyansar for kvar gjennomlesing, både i teikning og innhald. 

Norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021   

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6