Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Claudia Rankine: Medborgar: Eit amerikansk dikt

Claudia Rankine (f. 1963 på Jamaica) voks opp i Kingston og New York. I dag underviser ho ved Yale. Den lovpriste Medborgar er den femte boka hennar, og ho er blitt tildelt ei mengd prisar, mellom anna National Book Critics Award og PEN Open Book Award.

Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til.

Dette er boka til ein heil generasjon. Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet – i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben. Dette er ei viktig bok frå den amerikanske litteraturen i vår tid. Det er ei bok som er full av sinne og sorg, og som ser på USA med svarte briller.Boka er gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof for Samlaget. Ho er eit viktig vitnesbyrd om vår tids rasisme og høver breitt innanfor fleire fag og tema, særleg språk, litteratur, estetisk praksis, interkulturell pedagogikk, og arbeid med tverrfaglege emne og verdigrunnlaget i opplæringa. Boka vert sterkt tilrådd frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning.

Les utdrag

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker