Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jeaninne Masika Harrysson: Alt godt som enno ventar

Jeaninne Masika Harrysson er poet, forteljar og pedagog. Ho er mangfaldig innanfor språk og uttrykk og opptrer med eigenkomponert poesi både nasjonalt og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og norsk (nynorsk + bokmål og teiknspråk).

Harrysson har utvikla seg innanfor scenekunst i TekstLab og med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen, og no ved Jakob Sande–senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skulesekken med framsyninga Vi er alle på veg heim. Som scenekunstanar forskar Harrysson på poesi og spoken word i eit breiare og tverrfagleg performanceuttrykk.

I Alt godt som enno ventar utforskar Harrysson mellomrom, både dei i språket og dei i livet. Dette kan vere mellomromma som oppstår mellom orda i ei setning, og i romma mellom eit dikt og ei diktsamling. «Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar», heiter det i omtalen frå forlaget.

Alt godt som enno ventar er ein boksingel med fire dikt. Boka er innanfor konseptet God litteratur i lite format frå Samlaget. Dikta er gjendikta til nynorsk i samarbeid med Tove Bakke.

Dikta høver breitt i opplæringa frå vidaregåande opplæring og i høgare utdanning. Dei gir inspirasjon og innsikt innanfor språk og litteratur, interkulturell pedagogikk og estetiske læringsprosessar.

Blir verkelegheita for verkeleg for deg

så ta handa mi

Eg skal vere fjellet

som byr opp til dans

Les utdrag

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker