Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Anne Bye: Eg bur her no

Dette er den andre diktsamlinga til historikar og forfattar Kari Anne Bye. Boka fylgjer opp ei Ho, ei kvinne i trettiåra, som i samlinga Eg et før eg kjem. Er det den same Ho?

No har Ho funne ein mann på Tinder og vågar seg inn i eit forhold. Mannen er slettes ikkje verst og eit svar på mykje lengt. Men tankar og kjensler kan likevel så tvil: Korleis kan ein vite at ein har funne den rette? Ho har erfart at kjærleiken kan tone ut og døy, og blir redd. Det er sterke energiar i sving, og Ho og han føler mykje. Kan dei tole kvarandre? Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng ein ikkje flytte saman med ein gong, i alle fall ikkje før leilegheita fløymer over av vatn. Og det gjer ho. Ho set pris på tinga sine. Dei representerer tryggleik, heim og identitet for Ho. Vil han ta dei og henne i vare? Ho kjenner seg som ein gjest, men ho skal ikkje heim. Det er også ein pandemi på gang som gjer at dei må vere saman heile tida. Dei kjem seg ingen stad.

Dikta rører ved menneskelege opplevingar kring kor fint og kor skremmande det kan vere å gå inn i ein relasjon. Det er ei forventing om fred og lukke, men så kjenner ein også på uro og redsle. Bye tek samtida og parinteraksjonar på kornet.

Dette er ei original, varm og tydeleg diktsamling om kjærleik, tilhøyrsle, tvil og det tvetydige. Ho syner kor vanskeleg det kan vere å berre opne opp for det som er godt. Sjølv om det er det ein har ønskt meir enn noko anna. Bye skriv vakkert og desperat om lengselen etter å høyre til. Ho har eit særeige poetisk språk som nyttar både alvoret og humoren som verkemiddel. Landskapet i samlinga er hovudsakleg med Trondheim by som ramme, men vi er også med når Ho er med til kjærasten sine heimtrakter og Ho er heime hjå sine eigne foreldre, og også besøker katten sin der.

Boka er delt inn i fire delar: Byrjinga, Flaumen, Muggen og Åremålet. Her får vi innblikk i kveitebrødsdagane i forholdet, sommaren og tidleg hausten her dei også veg kvarandre. Forviklingar kjem. Boka handlar om å lengte etter tosemd og einsemd, om å velje minste eller største motstands veg. Ho handlar om tvil og ambivalens, gamle spøkelse og handlingsmønster som sjølvsagt trer fram, og til slutt spørsmålet; er dette verkeleg bra nok?

Eg liker ideen, språket, karakterane og handlinga i boka. Enten ein vel eit einskilt dikt, utdrag eller kronologien samla, er desse dikta fine å bruke i undervisninga. Mange kan kjenne seg att i motiva og tankane kring kjærleik i vår tid. Dikta innbyr til refleksjon, samtale og vidare utforsking. Her er flust av litterære referansar til forfattarar som Fosse, Hoem, Hauge og Strindberg. Kanskje får ein nye innspel til livsmeistring, feminisme og forståing av kjærleik, tilhøyrsle og samfunn i vår eiga samtid? Forfattaren avsluttar forteljinga kring Ho med denne boka. Men tematikken lever vidare.

Vi veit mykje om å vere kvinne og om å vere mann i dag. Vi veit også mykje om kva som krevst av eit forhold. Samstundes vil ein ikkje vere i dårlege forhold. Kva tid veit ein at forholdet er sunt og ikkje? Det er utfordringar ved å forplikte seg og å vere til stades. Så er det dette med sjølvrealisering. Og paradokset at vi lengtar etter den romantiske kjærleiken. Det går ikkje an å lure kjærleiken. Han krev forplikting og mot. Også til å vere sårbar.

Les utdrag

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker