Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen: Katten og kråka

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til Katten og kråka

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Katten og kråka er ei spennande teikneseriebok, med ein katt og ei kråke i hovudrollene. Alt frå første side vert sansane til lesaren skjerpa.

Eit heilt folk måtte flykte frå høglandet til kysten då eit vulkanutbrot, etterfølgt av fleire år med vinter, gjorde det umogleg å dyrke mat. Vi møter folket fleire år etter flukta, og no er dei på veg tilbake til borga for å slå seg ned der. For å finne ut om det er trygt å fare gjennom skogen, sender leiaren av følget, ein trollmann som hevdar han kan snakke med både fuglar og dyr, ut ei kråke for å sjekke.

«Dersom det er fare på ferde, kjem kråka og melder frå til meg», seier trollmannen.
«So … Du kan snakka kråkespråk?»
«Jau … Host … Eller, eg skjønar kva ho seier».

Sanninga er at trollmannen er udugeleg og slett ikkje skjønar kva dyr og fuglar seier.

Når kråka kjem til borga, oppdagar ho at ein eldsprutande drake har teke bustad der. Ho skundar seg tilbake til reisefølget, vekkjer katten som ligg og søv bak i hestevogna, og forklarer at dei to må åtvare trollmannen og dei andre om at det ikkje er trygt å fare til borga.

«Kra kra kra», seier kråka, medan katten hoppar oppetter trollmannen for å få merksemda hans.

«Eg trur dei vil seia oss noko. Du kan jo prata med dyr. Er det viktig? Er det fare på ferde?» spør ein av mennene og vender seg til trollmannen.

«Eeeeeh… Ja, ja, ja! Klart eg kan skjøna dei! Dei seier at det er trygt å reisa til borga!» svarer trollmannen, som absolutt ikkje har skjøna den alvorlege beskjeden.

Katten og kråka skjønar at dei må ordne opp i saka sjølve, og saman planlegg dei korleis dei to skal klare å fange draken slik at det er trygt for menneska å vende tilbake til borga. Dei legg ut på ei farefull reise gjennom skogen, men før dei reiser, tek dei med seg den magiske reisenøkkelen til trollmannen. Med denne planlegg dei å teleportere draken milevis unna.

På vegen møter katten og kråka både ei mus, som viser seg å vere Kjøkenmusa frå den tida dei budde i borga, ein svolten rev som slett ikkje ønskjer at menneska skal kome tilbake til skogen, og eit huldrefolk som meir enn gjerne kjem med råd om kva tid det er lettast og tryggast å få bukt med draken. Og vel framme ved borga blir planen sett ut i livet. Vil katten og kråka klare å få bukt med den eldsprutande draken før menneska kjem til borga?

Dette er verkeleg ei bok for deg som likar teikneseriar, fantasi og detaljrike teikningar! Katten og kråka er ei gjennomført forteljing som har lesaren med seg frå start til slutt. Ikkje berre får lesaren ta del i ei fantasiverd gjennom sjølve teikneserien, men bakarst i boka får ein også eit innblikk i korleis teikneserieboka har blitt til, utviklinga av skissene, historikk om gammal overtru, og fakta om inspirasjonskjelda bak «vulkanvinteren»: det store vulkanutbrotet i 1815. Trine Lise Normann har laga teikningane til forteljinga, og desse gir liv til historia på ein fabelaktig måte.

Boka passar godt for born på mellomsteget, men kan også passe for både yngre og eldre.

På sida til forlaget kan du lese eit utdrag frå Katten og kråka.

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12