Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben 4: Julemysteriet

Julemysteriet er den fjerde boka i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå der tre gode vener løyser mystiske miljøsaker.  

Det nærmar seg julemarknad, og Vanja og faren har fått i oppdrag å skaffe julegrana som skal stå på torget. Saman har dei hogge den høgste og finaste julegrana i skogen. Aldri har det stått ei finare julegran på torget, og Vanja gler seg til å vise ho fram til venene Mo og Sivert. På julemarknaden er det mykje kjekt å sjå på i dei mange spennande buene, men høgdepunktet er likevel at nissen skal kome, og at julegrana skal tennast. Julegrana frå Vanja sin skog. Men på ein augneblink vert idyllen på julemarknaden snudd til kaos. Nokon har øydelagt julegrana! Den høge, fine grana ligg på bakken, oppdelt i mange bitar. Kven er det som har gjort dette? I tillegg er det noko rart med nissen. Kvifor har han ikkje reinsdyr med seg slik han brukar, og kvifor seier han ikkje at ungane må syngje før han deler ut gåver? Det er noko som ikkje stemmer! Vanja, Sivert og Mo er straks på saka, og saman følgjer dei spor i snøen, snakkar med ordføraren og legg ut på skitur for å kome seg opp til garden til Johannes Lia den einaste i bygda som har reinsdyr. Er det klimaendringar som gjer at reinsdyra ikkje dukka opp på torget? Og er det ein samanheng mellom den øydelagde grana og den merkelege nissen, eller er dette to ulike saker? 

Ruth Lillegraven skriv lettfatteleg og godt, og boka er spennande frå første side. Bokserien passar for barn mellom seks og ni år og kan godt brukast som høgtlesingsbok. Dei eldste lesarane vil klare å lese boka aleine. Jens Kristensen har laga detaljrike teikningar til boka, og desse er med på å gje enda meir liv til forteljinga. I tillegg har Lillegraven plassert enkle fakta inn i sjølve historia, som til dømes at haren har ulik farge sommar og vinter. Bakarst i boka har journalist Ole Mathismoen samla miljøfakta om global oppvarming og klimaendringar.  

Boka passar spesielt fint å lese før jul, og er også å finne som digital lydbok. 

Les utdrag