Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Line Dybedal og Line Renslebråten: Eit hjarte til jul

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Eit hjarte til jul

Mamma til Nora ligg på sjukehuset og ventar. Ho må få eit nytt hjarte for å bli frisk og igjen kunne løfte og svinge rundt på Nora. I tillegg er det snart jul. Pappa og farmor prøver å gjere vanlege og kjekke ting i lag med Nora, slik at ikkje alt skal vere så rart og annleis i år. Likevel er det mykje å tenkje på medan dei ventar på telefonen frå sjukehuset om at eit nytt hjarte er på veg. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt eitt?

Tematikken med sjukdom, behandling og venting er ikkje ukjent, ei heller i barnebøker. Det som er nytt i denne boka, er at det er transplantasjonar som er i sentrum. Kvart år vert det utført mellom 450 og 500 ulike organtransplantasjonar i Noreg. Mange barn kjenner nokon som ventar på, eller som har fått, ei nyre, eit hjarte eller eit anna organ. Det er det jo også slik at organa kjem frå nokon som ikkje lenger treng dei sjølve. Også desse har pårørande, og for dei kan det vere ei trøyst å vite at ein gjennom transplantasjon kan hjelpe andre vidare i livet. Det trengst ei bok som Eit hjarte til jul, som tek opp dette temaet og som kan vere ein inngangsport for samtale.

Eit hjarte til jul har svært vakre illustrasjonar som gjev assosiasjonar til det å drøyme og sjå noko klart og noko utydeleg. Sjølv om tematikken er alvorleg, er ikkje boka berre trist. Nora, mamma og pappa har eit godt lag rundt seg, og i lag finn dei både håp og glede.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6