Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Überpress: Overtrykk 2021

No er han her, den årlege teikneserieantologien frå Überpress! Sidan 2012 har forlaget kome med 16 antologiar der norske talent får lage teikneseriar. I år får lesarane åtte historier presentert. Nokre av skaparane har aldri laga eigne teikneseriar før, andre har erfaring frå området. Alt dette får vi vite mellom kvar historie, der skaparane av historiene fortel om bakgrunnen sin og prosessen rundt historia dei har laga. På omtalen bak på omslaget, kan ein lese at «i alle historiene i Overtrykk 2021 søkjer nokon etter noko, anten kjærleik, karriere eller gull og rikdom. Dei finn alle noko til slutt.»

Sidan historiene er skrivne av ulike personar, er også uttrykka i teikningane svært varierte. Medan illustrasjonane i historia «I gamle dagar» har mykje til felles med eventyrillustrasjonar, er teikningane i «Jakta på sol» kontrastfulle med tanke på både fargebruk og konturar. Nokre av historiene, som til dømes «Mor», har lite tekst. I denne historia fortel bileta svært mykje av historia og er ekstra viktige for å skjøne historia.

Innhaldsmessig er det også stor skilnad i historiene. «Trollfest» har mange element frå eventyrsjangeren, der vi finn både eit troll, ei hulder og ein modig hjelpar. I tillegg får lesarane møte både fantasy og skrekk i nokre av dei andre historiene. Teikneseriehistoriene er komplekse, og nokre av dei er lettare å skjøne enn andre. Dette viser at teikneserieantologien er laga for røynde lesarar. I tillegg vert lesaren presentert for både grøss og gru, vald og sex, og dette understrekar også at antologien er laga for eldre lesarar, og ikkje små barn.

For ungdom og unge vaksne som likar fantasy, spenning og grøss og gru, og i tillegg likar å lese teikneseriar, er denne antologien midt i blinken.

Fleire boktips

6–9
krim
dikt
unge vaksne