Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Karin Moe Hennie: Ninjana (2). Den sakna turisten.

Det er ikkje ofte ein får høyre om ein ninja i setesdalsbunad, men i denne bokserien møter vi faktisk ein liten gjeng av dei. Dette er den andre boka om Ninjana. Ninjana bur saman med mormora si i ei lita hytte oppe på eit fjell i Valle i Setesdalen. Ninjana går på skulen nede i dalen, og der vert ho kalla Nina. På skulen går ho med vanlege klede som dei andre, men når ho er heime igjen, tek ho på seg setesdalsbunaden sin. Mormor går også i setesdalsbunad, men dei tek ikkje på seg dette plagget for å gå i 17. mai-tog. Nei, setesdalsbunaden med skaut og søljer er ninjadraktene deira. Mormor har lært Ninjana godt opp,  og ho har si eiga dokke ho brukar øve ninja-kunstane sine på.  Og dei kunstane og ninjatriksa kjem ofte godt med når Ninjana må prøve å løyse ulike saker som dukkar opp. 

Ein tidleg morgon, medan mormor framleis søv, oppdagar Ninjana at ein svartkledd, mystisk mann med eit sverd hengande ned på sida, snik seg opp mot hytta dei dei bur. Kven er denne mannen? Han kan ikkje vere ein lokal kjeltring, det er Ninjana sikker på. Men mormor søv framleis, og Ninjana må ta saka i eigne hender slik at denne mystiske mannen ikkje får gjere dei noko. Men er han eigentleg ein kjeltring når alt kjem til stykket? Samtidig er ein turist meld sakna i bygda, og Lensmann Homme, som gjer alt han kan for å kome i avisa for alle bragdene sine, har ingen planar om å la andre enn han sjølv finne den sakna turisten. Det er kaldt i vêret, og turisten er ikkje kledd for å vere ute lenge, så Ninjana er sikker på at dette ikkje er eit oppdrag for andre enn Setesdalen sin eigen ninja. Vil dei klare å finne den sakna turisten, og blir det ein lensmann eller ein liten gjeng med ninjaer som klarer oppdraget først? 

Bokserien er i utgangspunktet skriven på bokmål, men er omsett til nynorsk. Som i bok nummer 1, er det også ein god dei språklege feil i omsettinga av bok nummer 2. Boka er likevel lettlesen, med stor skrift og luft mellom linjene. Kvart kapittel har fine, store illustrerasjonar laga av Borghild Fallberg.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12