Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Olga Ravn: Dei tilsette

Omsett av Inger Bråtveit

Dei tilsette er ein litt annleis sciencefictionroman. Handlinga fylgjer ikkje nokon hovudpersonar, og me får heller ikkje hendingane presenterte kronologisk. I staden vert historia fortald i form av vitneutsegner frå namnlause medlemer frå mannskapet på det sekstusende skipet.

Det er aldri heilt tydeleg kva oppdraget til det sekstusende skipet er, men på eitt eller anna vis utforskar det ein nyoppdaga planet. Objekt frå planeten er tekne om bord på skipet og ser ut til å påverka mannskapet på ulike vis. Men kven av mannskapet er menneske, og kven er menneskeliknande teknologi? Og kva gjer leiinga når det ser ut til å vera eit gryande opprør på gang mellom nokre av dei menneskeliknande? Romanen tematiserer menneskeverd og bioteknologi og gjev ei unik leseoppleving.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker